Barbizon-skulen

Multi tool use

Jean-François Millet:
Aksplukkarane, 1857
Barbizon-skulen er ei nemning på ei gruppe franske målarar, som har namn etter landsbyen Barbizon nær Fontainebleauskogen i Frankrike. Desse målarane var del av ei rørsle som orienterte seg mot meir realisme i kunsten, i motsetning til den formaliserte romantikken som prega størstedelen av samtidskunsten i Frankrike.
I 1824 viste Parissalongen arbeid av englendaren John Constable. Bileta hans av den engelske landsbygda inspirerte fleire yngre målarar til å velje tilsvarande motiv og stille seg friare til den formelle komposisjonen av landskap, og i staden ta utgangspunkt i det landskapet ein såg på staden. Landskapet vart dermed også tema, og ikkje einast kulisse for meir eller mindre dramatiske scener.
Medan folk i dei europeiske hovudstadene gjennomlevde sine revolusjonar i 1848, samla kunstmålarane seg i Barbizon for å prøve ut Constable sine idear. Ein av dei, Jean-François Millet, utvida ideen til også å omfatte figurar, bønder som arbeidde på åkrane, markane og i skogen. I Aksplukkarane, det kanskje best kjende av bileta etter denne skulen, ser ein tre kvinner som plukkar dei siste restar av kornhausten. Her er inga historie, ikkje noko drama, einast tre kvinner opptekne med sitt.
Dei leiande målarane av Barbizon-skulen var Camille Corot, Théodore Rousseau, Jean-François Millet og Charles-François Daubigny. Både Rousseau og Millet, høvesvis 1867 og 1875, døydde i Barbizon. Impulsar frå Barbizon kan sporast hos mange kunstmålarar frå fleire land, både i Europa og Nord-Amerika. Russarane Aleksej Bogoljubov og Fjodor Vasiljev, samt sveitsaren Rudolf Koller er mellom desse.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Barbizon-skolen» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2010.
Bakgrunnsstoff |
vZq9vNhVdMi2jssoNdT Iq5J pZLgd2Gb3 ck K1 GyPDNpgiolJiw iW7g31pAJy5FYOJNPJa5U
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...