EM i fotball 2000
Deltakarlanda i fotball-EM 2000 Finalemannskapa før avspark, Frankrike til venstre Europameisterskapen i fotball 2000 var den ellevte europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen vart for fyrste gong avvikla i to vertsland; Belgia og Nederland. Begge fekk friplass til sluttspelet, som tok til 10. juni i Brussel og vart avslutta i Rotterdam den 2. juli 2000. Frankrike vart europmeister etter finalesiger 2-1 over Italia. Dei 31 kampane vart spelt på åtte arenaer i like mange byar; Charleroi, Liège, Brussel, Brugge, Eindhoven, Arnhem, Rotterdam og Amsterdam. 49 land deltok i kvalifiseringa til meisterskapen. For fyrste og, til 2015, einaste gong, var Noreg med i europameisterskapen for menn. Dei seksten deltakarlanda i sluttspelet vart fordelt i fire like store grupper. Dei to beste landa i kvar av gruppene gjekk til kvartfinalane. Noreg vart nummer tre i gruppe C, og rauk ut med dårlegare målskilnad enn Jugoslavia. I kvartfinalane vann Portugal, Italia, Frankrike...