Kokarde






Modell av Napoleon med fransk trikolor-kokarde.


Ein kokarde er eit rundt eller ovalt merke som ein oftast finn på ein hatt eller andre hovudplagg. Kokardar har fargar med særleg symbolikk, typisk nasjonalfargar.


Opphavleg var kokardar sløyfer festa til hovudplagg, seinare blei dei laga av band i ein rosett. Kokarden var eit uniformselement frå 1600- og 1700-talet, og ein viste ein lojalitet eller tilhøyrsle med ein kokarde på hatten, på tøyet eller i håret. Det var særleg populært å bruke kokarder på 1700-talet, dels som militært, dels som nasjonalt symbol. Under den franske revolusjonen var det ei tid påbode å bruka revolusjonær trikolorkokarde. Med nasjonalstatane sitt frambrot blei det elles vanleg å nytte kokardar i fargane til flagget. Slike kokardar finn ein framleis som element i mange uniformer og i nokre andre samanhengar, som på norske russeluer og svenske studentluer.




Jakobinarhelten «Bonnie Prince Charlie» med kvit kokarde i hatten.




Innhaldsliste






  • 1 Kokardar på 1700-talet


  • 2 Militær bruk


  • 3 Utdanningssamanheng


  • 4 Oversyn over nasjonale kokardar


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Kokardar på 1700-talet |


For britiske jakobinarar var ein kvit kokarde eit viktig symbol, og skotske Robert Burns skreiv eit dikt kalla «The White Cockade».[1]




Plakat frå den franske revolusjonen som slår fast at ein ikkje får koma inn utan korrekt kokarde.


Under den franske revolusjonen blei kokardar i ulike fargar brukte til å markera tilhøyrsle:



  • Grøn kokarde var eit tidleg merke for dei som støtta revolusjonen, og symboliserte håp

  • Kvit kokarde blei brukt av den franske hæren og rojalistar

  • Svart kokarde var hovudsakleg brukt av aristokratar som var imot revolusjonen


  • Trikolorkokarde i raudt, kvitt og blått blei teken i bruk kort tid etter storminga av Bastillen. 17. juli 1789 godtok kong Ludvig XVI denne kokarden. 8. juli 1792 blei han påboden å bruka for menn. Ein har brukt trikolorkokarden mellom anna i militær samanheng og ved sidan.



Militær bruk |




Kokardar brukte i den tyske hæren i 1918.


Kokardar blir framleis ein del brukt i militær samanheng, då på hovudplagg som er del av uniformer. I nokre høve er dei blitt endra frå merke av stoff til å vera laga av metall. Stiliserte kokardar blir også ofte brukt som nasjonalmerke på militærfly. Det er derimot ikkje alle flymerke som liknar kokardar.




Utdanningssamanheng |


Kokardar blir brukt i nokre tradisjonelle studentuniformer, som den nordiske studentlua og i uniforma ved den franske École polytechnique.




Oversyn over nasjonale kokardar |




Kjelder |





  1. Simon Hill, «Bonnie Prince Charlie and the Jacobites», Scottish History Online



  • «Kokarde» i Store norske leksikon, snl.no.




  • Denne artikkelen bygger på «Kokarde» frå Wikipedia på dansk, den 21. november 2008.

  • Denne artikkelen bygger på «Glossary of the French Revolution» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2011.

  • Denne artikkelen bygger på «Timeline of the French Revolution» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2011.




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kokarde








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva