County Tipperary
County Tipperary Contae Thiobraid Árann | |
Statistikk | |
Provins: | Munster |
---|---|
Hovudby: | Nord: Nenagh Sør: Clonmel |
Bilnummer: | Nord: TN Sør: TS |
Areal: | 4 303 km² |
Folketal (2006): | 149 040 |
Folketettleik: | 35 /km² |
County Tipperary (irsk Contae Thiobraid Árann) er eit grevskap i Republikken Irland sørvest på Irland i provinsen Munster.
Administrativt er grevskapet delt i to: North Tipperary med administrasjonsbyen Nenagh og South Tipperary med administrasjonsbyen Clonmel. Denne delinga skjedde formelt alt ved opprettinga av de noverande grevskapa i 1898, og de facto er delinga av enno eldre dato. Dei to delane vart ei periode kalla ridings, men dette namnet er avskaffa fordi det er ukorrekt; riding kjem frå gamalengelsk thriding, tredjedel, og vart brukt når eit område vart delt i tre.
County Tipperary grensar til Galway og Offaly i nord, Laois og Kilkenny i aust, Waterford og Cork og Limerick og Clare i vest.
Grevskapet er særleg kjend for hesteavl. Coolmore Stud er den største hesteoppdrettaren i verda. Det har òg særs godt jordbruksland.
Byar og landsbyar i County Tipperary |
Irske namn i parentes.
Cahir - An Chathair
Carrick-on-Suir - Carraig na Siúire
Cashel - Caiseal
Clonmel - Cluain Meala
Fethard - Fiodh Ard
Kilkieran - Cill Chiaráin
Nenagh - An tAonach
Roscrea - Ros Cré
Templemore - An Teampall Mór
Thurles - Durlas
Tipperary - Tiobraid Árann
Kjelde |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen County Tipperary frå Engelsk Wikipedia .
Grevskap i Irland | |||
---|---|---|---|
Connacht: Galway | Leitrim | Mayo | Roscommon | Sligo
|