John Deacon
John Deacon | |
Deacon med Queen på RDS Arena i Dublin i 1979. | |
| Verkeleg namn | John Richard Deacon |
| Fødd | 19. august 1951 (67 år) Leicester, England |
| Instrument | Bassgitar |
| Sjanger | rock |
| Aktive år | 1965–1997 (pensjonert) |
| Yrke |
|
| Tilknytte artistar | Queen |
John Richard Deacon (fødd 19. august 1951) er ein tidlegare engelsk musikar, mest kjend som bassgitarist[1] for rockebandet Queen. Han skreiv fleire av hitsinglane til Queen, som «You're My Best Friend», «Another One Bites The Dust» og «I Want To Break Free», og var involvert i den økonomiske styringa av gruppa.
Deacon voks opp i Oadby i Leicestershire, der han spelte bass i eit lokalt band, The Opposition, før han studerte elektronikk ved Chelsea College i London. Han vart den fjerde bassisten til Queen i 1971, 19 år gammal, fordi han var ein roleg person og kunne elektronikk. Han laga mellom anna ein forsterkar som gitaristen Brian May nytta til å skape gitarorkestera sine gjennom karrieren til Queen. Frå det tredje albumet, Sheer Heart Attack, og frametter, skreiv han minst ein song per album og fleire av dei vart hittar. Songen hans «Another One Bites the Dust» vart den bestseljande singelen til Queen i USA. I tillegg til bass, spelte Deacon noko gitar og klaverinstrument i studio for Queen, men var det einaste medlemmet som ikkje song på platene deira.
Då Freddie Mercury døydde i 1991, og etter hyllestkonserten hans året etter, spelte Deacon berre nokre få gonger med dei attverande QUeen-medlemmane, før han trekte seg attende frå musikkindustrien i 1997. Han har ikkje spelt på nokre av dei andre prosjekta dei to attverande medlemmane i Queen, May og Roger Taylor, har sett saman.
I følgje rikinglista til The Sunday Times var Deacon verdt 65 millionar pund, eller kring 103 millionr dollar, i 2011 (ca. 600 millionar kroner i 2011-kurs).[2]
Ein ny art av slekta Heteragrion (Odonata : Zygoptera) frå Brasil vart kalla Heteragrion johndeaconi til ære for han.[3]
Diskografi |
- For meir om dette emnet, sjå diskografien til Queen.
Queen-singlar John Deacon skreiv:
- «You're My Best Friend» frå A Night at the Opera
- «Spread Your Wings» frå News of the World[4]
- «Another One Bites the Dust» frå The Game
- «Back Chat» frå Hot Space[5]
- «I Want to Break Free» frå The Works[5]
- «Friends Will Be Friends» (i lag med Freddie Mercury) frå A Kind of Magic[6]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «John Deacon» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Dean, Ken (1986). Queen : A Visual Documentary. Omnibus Press. ISBN 978-0-7119-0857-4.
Hodkinson, Mark (2004). Queen : The Early Years. Omnibus Press. ISBN 1-84449-012-2.
Jones, Lesley-Ann (2012). Mercury: An Intimate Biography of Freddie Mercury. Simon and Schuster. ISBN 978-1-4516-6395-2.
Purvis, Georg (2012). Queen: Complete Works. Titan Books. ISBN 978-1-78116-287-3.
↑ Barrett, John. «The 20 Most Underrated Bass Gitarists». Paste Monthly. Henta 20. mai 2016.
↑ «The top 50 richest people in music: Sunday Times Rich List». This is Money. Henta 20. mai 2016.
↑ Lencioni, F.A.A. (9 July 2013). «Diagnoses and discussion of the group 1 and 2 Brazilian species of Heteragrion, with descriptions of four new species (Odonata: Megapodagrionidae). Zootaxa 3685 (1): 001–080.» (PDF). Zootaxa. Magnolia Press – Auckland, New Zealand. Henta 26 September 2015.
↑ «Spread Your Wings». AllMusic. Henta 20. mai 2016.
↑ 5,05,1 «Queen : The Singles Collection». AllMusic. Henta 20. mai 2016.
↑ «Queen : Song Highlights». AllMusic. Henta 20. mai 2016.
Bakgrunnsstoff |
Queen | |
|---|---|
Freddie Mercury · Brian May · Roger Taylor · John Deacon | |
| Studioalbum | Queen · Queen II · Sheer Heart Attack · A Night at the Opera · A Day at the Races · News of the World · Jazz · The Game · Flash Gordon · Hot Space · The Works · A Kind of Magic · The Miracle · Innuendo · Made in Heaven |
| Konsertalbum | Live Killers · Live Magic · At the Beeb · Live at Wembley '86 · Queen on Fire – Live at the Bowl · Queen Rock Montreal · Hungarian Rhapsody: Queen Live in Budapest · Live at the Rainbow '74 · A Night at the Odeon – Hammersmith 1975 |
| Samlealbum | Greatest Hits · Greatest Hits II · Classic Queen · The 12" Collection · Queen Rocks · Greatest Hits III · Stone Cold Classics · The A–Z of Queen, Volume 1 · Absolute Greatest · Deep Cuts (Volume 1, 2, 3) · Icon · Queen Forever |
| Andre album | The Cosmos Rocks (med Paul Rodgers) · Five Live av George Michael og Queen (med George Michael) |
| Plateboksar | The Complete Works · The CD Single Box · Box of Tricks · Ultimate Queen · The Crown Jewels · The Platinum Collection · The Singles Collection (Volume 1, 2, 3, 4) |
| Videoar | We Will Rock You · The Freddie Mercury Tribute Concert · Greatest Video Hits 1 · Queen at Wembley · Queen Rocks · Greatest Video Hits 2 · We Are the Champions: Final Live in Japan · Queen on Fire – Live at the Bowl · Queen Rock Montreal · Hungarian Rhapsody: Queen Live in Budapest · Live at the Rainbow '74 · A Night at the Odeon - Hammersmith 1975 |
| Turnear | Queen II-turneen · Sheer Heart Attack-turneen · A Night at the Opera-turneen · Summer Gigs 1976 · A Day at the Races-turneen · News of the World-turneen · Jazz-turneen · Crazy Tour · The Game-turneen · Hot Space-turneen · The Works-turneen · The Magic-turneen · Queen + Paul Rodgers-turneen (med Paul Rodgers) · Rock the Cosmos-turneen (med Paul Rodgers) · Queen + Adam Lambert-turneen 2012 (med Adam Lambert) · Queen + Adam Lambert-turneen 2014–2015 (med Adam Lambert) · Queen + Adam Lambert-turneen 2016 (med Adam Lambert) |
| Tilknytte artiklar | Diskografi · Konsertar · Queen + Paul Rodgers · Queen + Adam Lambert · Queen & Adam Lambert Rock Big Ben Live · Highlander · Flash Gordon · Ibex · Larry Lurex · Mike Grose · Smile · The Cross · The Brian May Band · One Night of Queen · Queen: The eYe · We Will Rock You · We Will Rock You: 10th Anniversary Tour · Queen at the Ballet · Deacy Amp · The Official International Queen Fan Club · Mercury Phoenix Trust · Queen Extravaganza Tour · Mountain Studios · Red Special · Spike Edney · Jim Beach · John Reid · |
|