Jevnaker



















































Jevnaker

tettstad

Nesbakken at Jevnaker, Norway II.jpg

Storgata på Jevnaker

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Oppland

Kommune

Jevnaker

Areal
3,73 km²

Folketal
4 747 (2017)
Folketettleik

1 273 / km²



Postnummer
3520 JEVNAKER

Innbyggjarnamn
jevnakersokning
Preposisjon

Jevnaker


Jevnaker er ein tettstad og administrasjonssenter i Jevnaker kommune i Oppland fylke med 4 747 innbyggjarar per 1. januar 2017. Tettstaden ligg aust for utløpet av Randselva, sør i Randsfjorden om lag 12 kilometer nordaust for Hønefoss. Jevnaker har jarnbanestasjon langs Roa–Hønefosslinja.



Staden |




Jevnaker stasjon på Toso


Tettstaden Jevnaker er delt i to. Den vestre delen heiter Nesbakken og blir rekna som sentrum. Denne delen ligg fysisk i sørenden av Randsfjorden, på austsida av utløpet til Randselva. Den austre delen heiter Toso og her finn ein jarnbanestasjonen på Jevnaker.


Jevnaker er kjent for sine lokale glasverk, Hadeland Glassverk frå 1762 og Randsfjord Glassverk, som no er lagt ned. Hadeland Glassverk, som ligg midt i mellom Nesbakken og Toso, er eit attraktivt turistmål. Glasverket produserer framleis krystallglas, men driv òg med andre aktivitetar, som lysestøyperi, aktivitetar for barn, restaurant, utsal m.m. Randsfjord Glassverk låg nord i Toso, eit lite stykke ovanfor jarnbanestasjonen.


Det er stor satsing på turisme ved sørenden av Randsfjorden med 2 nye campingplassar under opparbeiding i tillegg til ein som allereie er open i Sløvika, ca. 10 km nord for sentrum. På Jevnaker finst 3 hotell: Torbjørnrud, mest kjent for regjeringskonferansane sine, Halvorsbøle og Randsvangen.



Sjå òg |



  • Jevnaker kommune

  • Tettstader i Oppland



Kjelder |



  • «Jevnaker – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff |



  • Jevnaker kommune


  • Vêrvarsel for Jevnaker, yr.no





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

Steinsetfjorden