Kristofer Hæstad
Kristofer Hæstad | ||
| Fullt namn | Kristofer Kruger Hæstad | |
| Fødd | 9. desember 1983 Kristiansand | |
| Høgd | 172 cm | |
Kallenamn | Fredrik | |
Posisjon | Midtbane | |
| Klubbinformasjon | ||
|---|---|---|
Spelar for | Vålerenga Fotball | |
Draktnummer | 23 | |
| Ungdomsklubb | ||
| Randesund | ||
| Klubbar* | ||
År | Klubb | Kampar (mål) |
| 1998–2001 2001–2007 2006–07 2008–no | - (-) - (-) - (-) 90 (7)[1] | |
| Landslag** | ||
| Noreg | 25 (1) | |
Klubbkampar og mål i nasjonal liga | ||
Kristofer Kruger Hæstad (fødd 9. desember 1983) er ein norsk fotballspelar. Han spelar på midtbanen for Vålerenga frå januar 2008. I tillegg har han spela fleire kampar for det norske A-landslaget.
Hæstad spela i oppveksten for Kristiansand-klubbane Randesund og Vigør. Han melde overgang til Start i 2001. Han debuterte i Tippeligaen i 2002, då Start berre tok 11 poeng og rykte ned.
Etter to sesongar i 1. divisjon rykte sørlendingane opp att i 2004, med Hæstad som ein av dei viktigaste spelarane på laget. Hæstad har halde fram med storspelet etter opprykket til Tippeligaen, og han vart kåra til månadens spelar av NRK i april 2005. I mai det same året debuterte han på landslaget i ein privatlandskamp mot Costa Rica, og fekk strålande kritikk.
Kristofer Hæstad vann prisen som årets profil i Tippeligaen, 2005. Han vart òg kåra til årets midtbanespelar i 2005.
Fotnotar |
↑ Norsk og internasjonal fotballstatistikk
Kjelder |
«23. Kristofer Hæstad». Vålerenga Fotball. Henta 2009-03-12.
«Kristofer Hæstad - Vålerenga». Nettavisen.no. Henta 2009-03-12.
Vålerenga – spelarstallen 2013 |
|---|
Målmenn |
|---|
Forsvarsspelarar |
|---|
Midtbanespelarar |
|---|
Angrepsspelarar |
|---|
|