County Leitrim (irsk Contae Liatroma) er eit grevskap i Republikken Irland nordvest på Irland i provinsen Connacht. Namnet kjem frå liath druim, som tyder grå åsrygg.
Grevskapet er av dei tynnast folkesette i Republikken Irland. Av kystgrevskapA har det òg den kortaste kystlinja, berre omkring 3 km med strand ved Bundoran. Administrasjonsbyen er Carrick-on-Shannon, ein liten by med berre 2 237 innbyggjarar (2002). Grevskapet fekk sitt første lyskryss i 2003, då eit slikt vart sett opp i Carrick-on-Shannon.
County Leitrim grensar til Donegal Bay og Donegal i nord, Fermanagh i Nord-Irland og Cavan i aust, Longford og Roscommon i sør og Sligo i vest.
Innhaldsliste
1Historie
2Byar og landsbyar i Leitrim
3Bakgrunnsstoff
4Kjelde
Historie |
I keltisk tid utgjorde Leitrim den vestlege halvdelen av kongedømet Bréifne. Regionen var lenge underlagt O'Rourke-familien frå Dromahair og den heraldiske løva deira er framleis med i våpenet til grevskapet. Leitrim var nært knytt til den austlege delen av Breifne, i dag i Cavan.
På 1200-talet kom normannarane og tok det sørlege Breifne. Dei haldt området fram til dei irske landeigarane vart tvungne i eksil i 1620.
Grevskapet Leitrim vart oppretta av Sir John Perrott i 1565. Omkring 1583 definerte han grensene slik dei er i dag.
Fram til 1600-talet skal det ha vore fem store skoger i Leitrim. Desse områda er no dekte av myr. Då trea forsvann var det ikkje lenger noko som kunne halde på vatnet, og mykje av jordbruksområda er svært våte. Lokale bønder seier at jorda «ikkje vert seld i hektar, men i gallons». Dermed er kveg og poteter dei einaste landbruksprodukta som er egna i Leitrim, og potetnøden råka derfor området særs hardt. Det skulle ta 60 år før folkesetnaden byrja å vokse igjen etter hungersnøden.
Byar og landsbyar i Leitrim |
Banger
Ballinamore
Buckode
Carrigallen
Carrick on Shannon
Dromahair
Drumshanbo
Drumkeeran
Dromod
Fenagh
Glenfarne
Gorvagh
Kiltyclogher
Kinlough
Keshcarrigan
Largydonnell
Manorhamilton
Mohill
Rossinver
Tullaghan
Bakgrunnsstoff |
Leitrim County Council
LeitrimTourism.com
Reiseguide for Leitrim
Leitrim GAA
Kjelde |
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen County Leitrim frå Engelsk Wikipedia .
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...