Niccolò Paganini
Niccolò Paganini | |
Fødd | 27. oktober 1782 Genova |
Død | 27. mai 1840 |
Instrument | fiolin, gitar |
Sjanger | kunstmusikk |
Yrke | komponist, fiolinist, virtuos, bratsjist, gitarist |
Niccolò Paganini (27. oktober 1782–27. mai 1840) var ein italiensk komponist, fiolinist og gitarist. Han var fødd i Genova og døydde i Nice.
Paganini er ein av dei mest berømte fiolinvirtuosane. Han hadde stor innverknad på utviklinga av fiolinteknikken. Nicolo Paganini komponerte sjølv stykka han framførte. Dei vart medvite laga teknisk svært vanskelege, og slik at dei skulle imponere publikum. Dette gjaldt også gitarstykka han laga.
Kjende verk |
- Variasjonar over God Save The King
- 24 Capricci
- Fiolinkonsert nr 1
- Fiolinkonsert nr 2
- Fiolinkonsert nr 3
Le Streghe (Heksedans)
Bakgrunnsstoff |
Fritt tilgjengelege notar av Niccolo Paganini i International Music Score Library Project
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|