Fuji-fjellet (japansk 富士山, Fujisan) er det høgaste fjellet i Japan, og ligg like vest for Tokyo. Fjellet ligg nær Stillehavskysten på den sentrale øya Honshu. Tre mindre byar ligg rundt fjellet, Gotemba i aust, Fuji-Yoshida i nord og Fujinomiya i sørvest. Fjellet er 3776 m høgt og toppen er snødekt året rundt, sjølv om det ligg i ei temperert klimasone.
Fuji er eit velkjend symbol på Japan, og er eit populært turistmål, som ofte vert brukt som fotomotiv for postkort. Heile fjellet er òg ein stor vulkan, og har hatt fleire utbrot. Fjellet er rekna for å vere ein aktiv vulkan, men med berre låg risiko for utbrot. Det siste utbrotet skjedde i 1708.
Innhaldsliste
1Namn
2Soge
3Kjelder
4Bakgrunnsstoff
Namn |
Kanjiteikna for Fujifjelle, 富 og 士, tyder 'rikdom' og 'nokon med høg status', men desse reknar ein med er ateji, teikn valde i seinare tid fordi dei likna uttalen av namnet på fjellet. Namnet «Fuji» har uklart opphav, og fleire etymologiar er blitt føreslåtte opp gjennom åra, som 'rikdom', 'udøyeleg', 'utan like' eller 'rett som ein risplante'.
Sidan sisteteiknet 山 kan lesast 'yama' har ein i Vesten utvikla ein tradisjon med å kalla fjellet Fujiyama, men dette er ikkje rett japansk.
Soge |
'Raud Fuji' av Hokusai.
Fujifjellet er ein regelmessig vulkan som er synleg i ein vid omkrins, og har vore avbilda og lovprist i japansk kunst og litteratur. Hokusai sin '36 bilete av Fujifjellet' og 'Hundre bilete av Fujifjellet' er best kjende. Fjellet opptrer også i ei rekkje dikt.
Ein meiner at ein ukjend munk var først mann på toppen av fjellet i 663. Toppen av fjellet vart rekna som heilag, og var eit forbode område for kvinner fram til Meiji-perioden. Den første kjende utlendingen på toppen var Sir Rutherford Alcock i 1860.
Kjelder |
Delar av denne artikkelen bygger på «Mount Fuji» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2010.
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fuji-fjellet
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...