Britannia er ein kvinnefigur som vert nytta som personifikasjon av Storbritannia. Ho blir ofte framstilt med ein romersk hjelm, trefork og eit skjold med det britiske flagget på.
Innhaldsliste
1Soge
2Bruk
3Kjelder
4Bakgrunnsstoff
Soge |
Britannia på ein romersk as-mynt laga under Antoninus Pius i 154/5.
Britannia var eit latinsk namn på Dei britiske øyane, og Romersk Britannia var ein romersk provins mellom 44 og 410 som på sitt største omfatta størsteparten av dagens England og Wales. Kvinnefiguren «Britannia» dukka snart opp som eit symbol på landområdet, i ei utforming ikkje ulik den til krigsgudinna Minerva. I desse romerske framstillingane er ho typisk framstilt som ei vakker ung kvinne iført ein kvitt drakt med høgre bryst synleg og centurionhjelm på hovudet. Ho sit ofte på ein stein med eit spyd i handa, med eit skjold ved sida av.
Namnet Britannia blei brukt også etter at romarane forlét øya Storbritannia. Det blei også brukt om Armoricahalvøya, eller Bretagne («Vesle» Britannia), etter at britar slo seg ned der. Det engelske namnet på Bretagne er «Brittany».
Bestemor Britannia med amerikanske Uncle Sam og småbarnet Canada frå 1870, tre år etter at landet var blitt til.
Under Elisabet I og renessansen blei Britannia utvikla som eit personifisert nasjonalsymbol. Under Charles II blei Britannia igjen nytta på myntar, først på ein farthing frå 1672. Etter Acts of Union 1707, som slo Skottland saman med England og Wales, fekk omgrepet ny tyding som symbol for éin nasjon.
Britannia er blitt framstilt i statuar og måleri, og etterkvart også på vitseteikningar som eit symbol for Storbritannia.
Bruk |
«Rule, Britannia!» - ein song basert på diktet «Rule, Britannia!» av James Thomson
Britannia Airways, eit charterflyselskap
HMS «Britannia», fleire skip i Royal Navy
HMY «Britannia», det 83. britiske kongeskipet
Britannia kan også vera:
Ei fiktiv verd i dataspelserien Ultima
Ei sølvliknande legering
Ein serie britiske gullmyntar send ut frå 1987 med nominell verdi på 100, 50, 25 og 10 pund.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Britannia» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2011.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...