DS «Folgefonden»
Karriere Noreg Namn: DS «Folgefonden» Verft: C. Mitchell & Co. i Newcastle Verftsnummer: 324 Sett i teneste: 1875 (for I/S Folgefonden) 1878 (for Det Vestlandske Dampskibsselskab) 1883 (for HSD) Kjennemerke: JQMH Lagnad: Forliste 1908 Generelle mål Tonnasje: 210 brt 119 nrt Lengd: 120,5 fot (36,7 m) Breidd: 19,1 fot (5,8 m) Djupgang: 9,5 fot (2,9 m) Installert effekt : 45 nhk, 215 ihk Framdrift: 2cyl.Comp. (Thompson & Boyd) D/S «Folgefonden» var eit dampskip bygt i 1875 for I/S Folgefonden som lokalrutebåt. Skipet kosta den gongen kr. 140 000. Alt i 1878 vart skipet selt til Det Vestlandske Dampskibsselskab, før det i 1883 vart overteke av HSD i Bergen. Det gjekk i teneste for HSD fram til 1908. Den 22. august dette året grunnstøytte skipet på Trøskenesfluen ved Skånevik og sokk på reisa mellom Bergen og Sunnhordland med post og passasjerar. 23 passasjerar og tre av besetninga omkom i forliset. ...