Eksokrine kjertlar
Eksokrine kjertlar (glandula exocrina) er kjertlar i kroppen som utsondrar sekretet sitt på ei kroppsoverflate som huda, munnhola, magesekken eller tarmen. Dei skil seg frå endokrine kjertlar som skil ut sekret direkte i blodet.
Nokre eksokrine kjertlar er sveittekjertlane som skil ut sveitte på huda, spyttkjertlane i munnhola og fordøyingskjertlar som skil ut mage- og tarmsaft i mage- og tarmkanalen.
Kjelder |
«Eksokrine kjertler» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. november 2014.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Exokrin körtel» frå Wikipedia på svensk, den 1. november 2014.
Bakgrunnsstoff |
Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.