Ose




Koordinatar: 58°57′ N 7°41′ E




Storståga i Ose vert nytta til ulike utstillingar.
Foto: Jarle Vines



Ose er ei lita bygd ved riksveg 9, nord i Bygland kommune i Setesdal. Den ligg ved Otra før den breier seg ut og vert til Åraksfjorden.


Ose var tidlegare eit viktig trafikknutepunkt, og der var skysstasjon frå 1887. Ose var det nordlege endepunktet for rutetrafikken med dampbåtane Bjoren og Dølen frå 1897. Ose Turistheim vart bygd i 1909 og er Setesdals eldste turiststasjon som framleis er i drift. På Ose ligg Ose Ullvare, ein butikk som sel varer av ull. Den drivst av Annemor Sundbø.


Ved Ose ligg Reiårsfossen. Stedet er og kjend for Ose Countryfestival som vart arrangert fyrste gong i 1983, og etter mange års opphald vart sett i gang igjen dei siste åra.







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva