Muzio Clementi
































Muzio Clementi

Muzio Clementi.jpg
Muzio Clementi
Fødd 24. januar 1752
Roma
Død

10. mars 1832 (80 år)
Evesham i Worcestershire i England


Instrument

Piano


Periode
Klassisismen
Sjanger
Klavermusikk
Yrke
Komponist

Muzio Clementi (24. januar 1752–10. mars 1832) var ein italiensk komponist, pianist og musikkpedagog under klassisismen. Han er rekna som ein av grunnlegjarane av moderne klaverspel, og den første til å skrive spesielt tilpassa pianomusikk.[1] Clementi var også pianoprodusent og notegutgjevar.




Innhaldsliste






  • 1 Liv


  • 2 Omdøme


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Liv |


Muzio Filippo Vincenzo Francesco Saverio Clementi vart fødd i Roma, men verka hovudsakleg i England. Han var ei tid dirigent for den italienske operaen i London. Han er best kjend for samlingane av pianostudiar, Gradus ad Parnassum, som Claude Debussy sin komposisjon Doctor Gradus ad Parnassum (første sats i suiten Children's Corner) er ein referanse til.[2] Clementi skreiv eit sekstitals klaversonater som påverka utviklinga av denne sjangeren.[1] an skreiv også vokal og kammermusikk og fleire symfoniar.[2]


Muzio Clementi døydde i Evesham i England, 80 år gammal. Han er gravlagd i Westminster Abbey i London.[2]



Omdøme |


Clementi var mykje omtykt i samtida, ofte meir kjend enn samtidige Wolfgang Amadeus Mozart og nesten like velkjent som Joseph Haydn og Ludwig van Beethoven, men blei meir gløymt på 1800- og 1900-talet.[2]


I 1781 tok Clementi del i ei pianotevling mot Mozart framfor keisar Josef II i Wien.[2] Mozart la ikkje skjul på at han mislikte Clementi sterkt, noko som har fått nokon til å kalle dei «erkerivalar». Dette gir neppe eit korrekt bilete; Clementi sjølv skal ikkje ha gjengjeldt Mozarts mishagsytringar.


Pianisten Vladimir Horowitz var svært glad i Clementi sin musikk, og samanlikna den med Ludwig van Beethoven sine beste verk. Horowitz sine innspelingar av musikken til Clementi førte til auka interesse for Clementi, og til ei gjenreising av ryet hans som ein viktig komponist.[2]



Kjelder |





  1. 1,01,1
    Muzio Clementi (2009, 14. februar) i Store norske leksikon. Henta 4. august 2013.



  2. 2,02,12,22,32,42,5
    William H. Youngren, Finished Symphonies, The Atlantic Monthly, May 1996



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Muzio Clementi» frå Wikipedia på bokmål, den 9. januar 2008.



Bakgrunnsstoff |



  • www.MuzioClementi.com (engelsk)

  • Muzio Clementi Society

  • www.wolfmusic-publications.com/index.html

  • Muzio Clementi-biografi av Tel Asiado på mozartforum.com

  • Fritt tilgjengelege notar av Muzio Clementi i International Music Score Library Project





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva