Hamburger SV






Klubbmerket til HSV


Hamburger Sport-Verein, vanlegvis omtala som Hamburger SV, Hamburg eller HSV, er eit idrettslag (sportsforeining) i Hamburg i Tyskland, stifta 29. september 1887. Sportsforeininga, som har over 71 000 medlemer, omfattar ei rad idrettsgreiner. Fotballavdelinga utgjer den største idrettsgreina i Hamburger SV. Fotballlaget til HSV har spelt på øvste nivå i tysk fotball sidan slutten av 1. verdskrigen. Klubben har aldri rykt ned og er den einaste som alltid har delteke i Bundesliga sidan serien vart skipa i 1963.


HSV hadde si stordomstid som fotballag i eit tiår frå midt på 1970-talet. I 1976 vann klubben DFB-pokalen som vest-tyske cupmeistrar, og vann året etter Cupvinnarcupen. Hamburger SV sikra seg sin fyrste Bundesliga-tittel i 1979, sesongen etter kom klubben to poeng bakom serievinnar Bayern München. Både i 1982 og 1983 vann HSV Bundesligaen, med midtbanespelaren Felix Magath som ei sentral drivkraft. I 1983 nådde klubben heilt til topps i Europacupen, etter siger 1-0 over Juventus i finalen.


Hamburger SV noterte seg for sine fyrste meistertitlar i 1923 og 1928. Den neste seriemeistertittelen kunne klubben bokføre då det var 3-2 siger over FC Köln i sluttspelfinalen i 1960. HSV vart cupmeistrar fyrste gongen i 1963, og for tredje og hittil siste gong i 1987.


Hamburg spelar heimekampane på Imtech Arena. Laget spelar i kvite trøyer og raude bukser.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Hamburger SV» frå Wikipedia på tysk, den 10. mai 2013.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva