Bygland kommune
Bygland kommune | ||
kommune | ||
| ||
Land | Noreg | |
---|---|---|
Fylke | Aust-Agder | |
Adm.senter | Bygland | |
Areal | 1 312 km² | |
- land | 1 156 km² | |
- vatn | 156 km² | |
Folketal | 1 207 (1. januar 2018) | |
Folketettleik | 1 / km² | |
Målform | nynorsk | |
Ordførar | Leiv Rygg (Sp) | |
Kommunenr. | 0938 | |
Wikimedia Commons: Bygland | ||
Nettstad: www.bygland.kommune.no | ||
Bygland er ein kommune i Aust-Agder fylke. Kommunen grensar i nord mot Valle, i aust mot Fyresdal og Åmli, i sør mot Birkenes og Evje og Hornnes, og i vest mot Åseral, Kvinesdal og Sirdal.
Bygland er også namnet på tettstaden som er kommunesenter i Bygland kommune.
Bygland er den kommunen i Aust-Agder med nest størst flatevidd. Kommunen har 7 500 daa jordbruksareal og 250 000 daa produktiv skog. Størstedelen av kommunen ligg over 700 moh. Dei lågaste områda ligg langs Byglandsfjorden og elva Otra på om lag 200 moh. Det høgaste punktet i kommunen er Røynelifjellet på 1 162 moh.
Kommunen er ein del av Setesdal, og det er i dalbotnen ein finn mesteparten av busetnaden i kommunen.
Innhaldsliste
1 Tettstader
2 Bilete
3 Kjende personar med tilknyting til Bygland
4 Bakgrunnsstoff
Tettstader |
I tillegg til kommunesenteret Bygland, er Byglandsfjord og Ose viktige. Av andre grender kan Grendi, Jordalsbø og Åraksbø nemnast. Byglandsfjord har dei største bedriftene og alle vanlege sørvisfunksjonar for innbyggjarane i søndre del av kommunen.
Bygland er utgivarstad for bygdeavisa Setesdølen, som kjem ut to gonger i veka.
Bilete |
Turisttrafikk med DB «Bjoren» på Byglandsfjorden.
Den gamle steinbrua over Storstraumen i Byglandsfjorden
Sandnes kapell vart oppført som kopi av Sandnes kyrkje etter at kyrkja vart flytta til Åraksbø.
Kommunesenteret Bygland med bygda Jordalsbø i bakgrunnen.Foto: Vetle Toreid
Kjende personar med tilknyting til Bygland |
Osmund Faremo, politikar
Grete Faremo, politikar/direktør
Kjell Kristian Rike, sportskommentator
Vidar Lande, folkemusikar
Eivind Danielson Aakhus, folkemusikar
Tarkjell Aslakson Austad, folkemusikar
Gunnar Stubseid, folkemusikar
Hans E. Kinck, forfattar
Aslak Lidtveit, landbruksdirektør
Lars Knutson Liestøl, statsråd/lensmann
Even Torkildsson Lande, Eidsvoldsmann
Johannes Skar, folklorist
Alexander Seippel, forfattar/omsetjar
Geir Kjetsaa, professor
Bakgrunnsstoff |
- Bygland kommune
- Lokalavisa Setesdølen
Kommunar i Aust-Agder | ||
---|---|---|
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|