Kjemisk våpen
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Giftgass brukt i angreip under første verdskrig; Tyskarane tok i bruk giftig gass som milititært våpen under første verdskrig den 22. april 1915 under angrepet på Ypres. Dei første angrepa tyskarane gjorde var med berre å stilla opp gassbehaldarar, ta av lokka og la vinden blåsa gassen mot fienden. Detta vart gjort slik for å utnytta eit smutthull i Haagkonvensjonen som forbaud prosjektil fylt med gass; tyskarane argumenterte med at dei ikkje brukte slike prosjektil når gassen vart spreidd av vinden. [1] Eit kjemisk våpen er eit våpen som brukar giftige kjemikaliar for å årsaka død eller skade på menneske, som ein del av kjemisk krigføring. Kjemiske våpen er klassifisert som masseøydeleggingsvåpen, og dei er ikkje det same som biologiske våpen, kjernefysiske våpen eller radiologiske våpen. Kjemiske våpen kan verta mykje spreidd i gass-, væske- eller fast f...