Vladimir Melanjin





















Vladimir Melanjin

RUSMARKA-1753.jpg
Vladimir Melanjin på russisk frimerke frå 2013
Fødd
1. desember 1933
Q13664674
Død

10. august 1994


Yrke
skiskyttar

Vladimir Melanjin på Commons

Vladimir Mikhailovitsj Melanjin[1] (1. desember 1933–10. august 1994) var ein sovjet-russisk skiskyttar frå Balyik i Kirov oblast i Russland. Han vart verdsmeister i skiskyting i 1959, 1962 og 1963, samt olympisk meister for Sovjetunionen i 1964 i Innsbruck.



Aktiv |


Melanjin vart den andre verdmeisteren i skiskyting då han i Courmayeur i 1959 vann den einaste øvinga i meisterskapen. Året etter vart han nummer fire dei olympiske leikane i Squaw Valley. Både i 1962 og 1963 vart han verdsmeister, begge gongane framom finske Antti Tyrväinen. 1963-meisterskapen gjekk elles i Seefeld i Austerrike, der Melanjin året etter var tilbake og vann ein suveren gullmedalje under dei olympiske vinterleikane 1964. Han trefte då på alle 20 skota og slo landsmannen, sølvvinnaren Aleksandr Privalov med over tre minuttar, nordmannen Olav Jordet tok bronsen. I 1965 var Melanjin sjølvskriven på Sovjetunionen sitt firemannslag til den fyrste stafetten i eit VM i skiskyting. Saman med Valentin Psjenitsyn, Aleksandr Privalov og Nikolaj Puzanov kom han på bronseplass; Noreg vann stafett-tevlinga framom Sverige.



Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap |




  • VM i skiskyting 1959 i Courmayeur: Gullmedalje på 20 km


  • Vinter-OL 1960 i Squaw Valley: Nr 4 på 20 km


  • VM i skiskyting 1962 i Tavastehus: Gullmedalje på 20 km


  • VM i skiskyting 1963 i Seefeld: Gullmedalje på 20 km


  • Vinter-OL 1964 i Innsbruck: Gullmedalje på 20 km


  • VM i skiskyting 1965 på Elverum: Nr 7 på 20 km, bronsemedalje i stafett


  • VM i skiskyting 1966 i Garmisch-Partenkirchen: Nr 4 i stafett



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar



  • russisk: Владимир Михайлович Меланьин








  • Popular posts from this blog

    What are all the squawk codes?

    What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

    Hudsonelva