Kjemisk våpen





Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.



Giftgass brukt i angreip under første verdskrig; Tyskarane tok i bruk giftig gass som milititært våpen under første verdskrig den 22. april 1915 under angrepet på Ypres. Dei første angrepa tyskarane gjorde var med berre å stilla opp gassbehaldarar, ta av lokka og la vinden blåsa gassen mot fienden. Detta vart gjort slik for å utnytta eit smutthull i Haagkonvensjonen som forbaud prosjektil fylt med gass; tyskarane argumenterte med at dei ikkje brukte slike prosjektil når gassen vart spreidd av vinden.[1]


Eit kjemisk våpen er eit våpen som brukar giftige kjemikaliar for å årsaka død eller skade på menneske, som ein del av kjemisk krigføring. Kjemiske våpen er klassifisert som masseøydeleggingsvåpen, og dei er ikkje det same som biologiske våpen, kjernefysiske våpen eller radiologiske våpen. Kjemiske våpen kan verta mykje spreidd i gass-, væske- eller fast form og kan lett bringa skade på andre enn dei tiltenkte måla. Nervegass, tåregass og pepperspray er tre døme frå nyare tid på giftige gassar brukt som kjemiske våpen.


Kjemiske våpen vart for alvor brukt i stort omfang under første verdskrig, der effekten av sennepsgass, fosgen-gass og andre giftige gassar årsaka pusteproblemer, blindhet, lemlestelse og død.




Innhaldsliste






  • 1 Typar kjemiske våpen


    • 1.1 Nervegassar


    • 1.2 Hudstridsmidler


    • 1.3 Kvelegasser


    • 1.4 Blodgassar


    • 1.5 Andre




  • 2 Arbeid mot kjemiske våpen


    • 2.1 Før andre verdskrig


    • 2.2 Nyare avtalar




  • 3 Kjemiske våpen i Skagerrak


  • 4 Referansar





Typar kjemiske våpen |


Kjemiske stridmiddel vert klassifisert etter kva for effektar dei har på menneske.




Kanin brukt som tryggleikssjekk for å avdekka eventuelle lekasjer av saringass i produksjonsanlegget Rocky Mountain Arsenal i USA, 1970



Nervegassar |


Dei farlegaste av desse er nervegassane tabun (GAV), sarin (GB), soman (GD) og VX, som verkar inn på nervesystemet ved at det bind seg til acetylcholinesterase og hemmar dette enzymet. Dette fører til at neurotransmittoren acetylcholin ikkje brytast ned, og synapsen får ein stadig straum av impulsar. Den ramma får pusteproblemer, krampar, brekkingar og andre lammande problem.



Hudstridsmidler |


Det finst òg kjemiske gassar som reagerer ved hudkontakt og forårsakar byllar/sår, desse vert kalla hudstridsmidler. Døme er samband av sennepsgass (HD) og lewisite, som er mindre giftige enn nervegassane. Alle desse kjemiske våpena er væsker ved normal romtemperatur, men vert gassform når dei frislippes under krigsbruk. Hudskadene vil i starten likna på brannsår, og etterkvart kan det oppstå blemmer.



Kvelegasser |


Kvelegasser er døyelege stridmiddel som berre verkar gjennom åndedrettet. Dei kan i store konsentrasjonar gje skadar på lunger og luftvegar. Dei viktigaste sambanda i denne gruppa er fosgen, defosgen og klorpikrin.



Blodgassar |


Blodgassar som vert teke opp i kroppen verkar på evna til cellene til å ta opp og omsetja oksygen. Dei to viktigaste sambanda er blåsyre og klorcyan.



Andre |


Dei to siste gruppene er irriterande gassar som CS-gass og ulike psykokjemiske samband. Det finst òg gassar og kjemiske substansar basert på plantematerial, som pepperspray. Dette er normalt ikkje rekna for kjemiske våpen i internasjonal forstand, men vert regulert under vanleg nasjonal våpenlovgivning.



Arbeid mot kjemiske våpen |


Kjemivåpenkonvensjonen frå 1993 er det eit juridisk bindande, verdsomspennande forbod mot produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen og kjemiske substansar som lett kan omgjøres til slike våpen. Til trass for denne konvensjonen finst det framleis store lager av kjemiske stridmiddel, som regel grunngav som berre ein tilhøveregel.



Før andre verdskrig |




Britiske soldatar som har vorte blinda av tåregass under første verdskrig.


Folkeretten har forbode bruk av kjemiske våpen sidan 1899 , under Haagkonvensjonen: Artikkel 23 i som omhandlar krigføring på land skildrar spesifikt at det er forbode å bruka "gift og forgifta våpen".[2] Det var òg inngått ein eigen avtalt som stadfesta at skulle det verta krig mellom dei land som hadde underteikna, ville partane halda seg frå å bruka prosjektil som hadde til føremål å spreia kvelende eller skadelege gassar.[3]


Genèveprotokollen av 1925 (må ikkje forvekslast med Genèvekonvensjonene) kom i stad i stor grad som ein reaksjon på giftgassnytta under første verdskrig. Dens offisielle tittel er Protocol for the Prohibition of the Use in War of Asphyxiating, Poisonous or other Gases, and of Bacteriological Methods of Warfare, og er ei internasjonal avtale som forbyr bruk av kjemiske og biologiske våpen . Den vart underteikna i Genève 17. juni 1925 og tredne i kraft 8. februar 1928. 133 nasjonar er oppførd som statlege partar i protokollen.[4] Denne avtala fastslår at kjemiske og biologiske våpen er med rette fordømt av den generelle oppfatninga i den siviliserte verda.



Nyare avtalar |


Kjemivåpenkonvensjonen er den siste internasjonalen avtale som er inngått for å betra kontroll med kjemiske våpen med status som folkerett. Dens offisielle namn er Convention on the Prohibition of the Development, Production, Stockpiling and Use of Chemical Weapons and on their Destruction. Avtala forbyr produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen. Den vert administrert av Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen, (OPCW), som er ein uavhengig organisasjon basert i den Nederlandske byen den Haag.. OPCW skal oversjå at vilkåra i kjemivåpenkonvensjonen vert handheva av dei 188 underskrivarane, som representerer 98% av folkesetnaden i verda.[5][6]



Kjemiske våpen i Skagerrak |


Etter andre verdskrig vart det behovet for å fjerna store mengder med kjemiske våpen som tyskarane hadde i beredskap for kjemisk krigføring, blant annan sennepsgass, sarin, tabun, fosgen og lewisitt. Det vart avgjort av dei allierte at det beste varet å senka denne ammunisjonen i havet, og store mengder vart lasta på skip som vart senka utanfor Sverige, Danmark og Noreg i 1945 og 1946. Det anslåast at mengda av kjemisk stridmidlar er på 168 000 tonn. Skagerrak er det dokumentert senka 36 skip, utan at det er kjent om det er kjemiske stridmiddel i alle. Dumpingen vart godkjent av norske styresmakter.



Referansar |




  1. Tucker, Jonathan B. (2006). War of Nerves: Chemical Warfare from World War I to Al-Queda. Pantheon Books. ISBN 0-375-42229-3. 


  2. Konvensjonsteksta som Wikikilde


  3. Laws of War: Declaration on the Use of Projectiles the Object of Which is the Diffusion of Asphyxiating or Deleterious Gases. yale.edu.


  4. Arkivert 6. september 2013 på Wayback Machine.


  5. Nettsidene til OPCW, vitja 14. mars 2014.


  6. OPCW sina nettsider om medlemsstatane og ulik statistikk.



  • Denne artikkelen bygger på «Kjemisk våpen» frå Wikipedia på bokmål, den 9. juli 2018.








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva