Minneapolis

























































Minneapolis
City of Minneapolis



2008-0712-MPLS-panorama.JPG

Kallenamn
«City of Lakes, Mill City»

Motto
«En Avant»
(Framover)
Plassering




Minneapolis is located in Minnesota









Styresmakter
Land

Flag of the United States.svg USA

Delstat

Minnesota

Fylke

Hennepin
Grunnlagd
1867
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn


153,3 km²
  142,2 km²
  9,1 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2010)
   - folketettleik
 - Storbyområde


382 578
  2 495,6 /km²
3 502 891
Koordinatar

44°58′48″N 93°15′50″WKoordinatar: 44°58′48″N 93°15′50″W
Høgd over havet
264 m
Tidssone
- Ved sommartid

CST (UTC-6)
CDT (UTC-5)
Diverse annan informasjon
Postnummer
612

Heimeside: www.ci.minneapolis.mn.us

Minneapolis er ein by i den amerikanske delstaten Minnesota. Byen hadde 382 578 innbyggjarar i 2010 og er den største byen i Minnesota. Minneapolis ligg i det søraustlege hjørnet av Minnesota, langs elva Missisippi. Byen har namnet sitt frå indianarspråket dakota. Ordet «minne» tyder vatn, og dannar bynamnet sett saman med det greske ordet polis, by.




Saint Anthony-falla i Minneapolis sentrum


I dei seinare åra har Minneapolis vokse heilt saman med St. Paul, som er mindre, men hovudstad for delstaten. Ofte blir dette byområdet kalla Twin Cities, tvillingbyane.
Minneapolis er den største byen i Minnesota og administrasjonsstad for Hennepin County. Byen grensar til byen Saint Paul, hovudstaden i Minnesota og den nest største byen i staten. Tvillingbyane utgjer det 15. største tettstadområdet i USA, med over 3 000 000 innbyggjarar.


Minneapolis vert rekna som en av de «norskaste» byane i USA, der eit stort tal norske immigrantar busette seg. Byen har ei norsk kyrkje Mindekirken med prest utsend frå Noreg. Kyrkja ligg sentralt i Minneapolis. Norsk-ætta amerikanarar feirar den norske grunnlovsdagen kvart år i ein av dei sentrale parkane i byen, Loring Park. Rett nok skjer feiringa ikkje alltid på 17. mai, men på den fridagen eller heilagdagen som kjem nærast.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Kjende folk frå Minneapolis


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Historie |


Minneapolis grodde fram langs Saint Anthonyfalla, den høgaste fossen langs Mississippielva. Det var mogleg å reisa med båt på elva heile vegen frå Saint Louis. På 1960-talet vart det bygd sluser, både for å regulering av vassnivået og for å hjelpa trafikken på elva.


Dei fyrste européarane som utforska området kring Minneapolis var franskmannen Louis Hennepin, og det var han som sette namn på Saint Anthonyfossen. Etter han har òg countyet der byen ligg fått namnet sitt. På grunn av at byen låg nær det militære anlegget Fort Snelling voks Minneapolis og nabobyen Saint Anthony kraftig på 1840-talet. Minneapolis fekk i 1867 status som by og vart slegen saman med Saint Anthony i 1872. Minneapolis si vide utstrekning vart i stor grad avgjort av Mississippielva. Mange av dei fyrste gatene gjekk parallelt med elva, for å kunna utnytta landbruksarealet bakanfor maksimalt. Seinare gjekk ein over til det gatesystemet som er i dag, og som vert nytta i mange moderne byar. Gatenettet vart lagd ut i eit nord-sør- og aust-vest mønster.
I byen finst det mange spesielle vegkryss, der ein har vore nøydd til å tilpassa seg dette gatemønsteret.


Opphavleg var den viktigaste næringsvegen skogbruk og landbruk, men i dag har ein fått fleire leiande føretak innan medisin og finans i byen. Store internasjonale konsern som til dømes Honeywell, 3M - Minnesota Mining and Manufactoring sine hovudkontor der. I forstaden Bloomington ligg Mall of America, det største kjøpesenteret i USA.


Den største delen av University of Minnesota ligg i Minneapolis og Saint Paul, der det er over 45 000 studentar.



Kjende folk frå Minneapolis |


  • Prince

Norskætta som har gjort seg gjeldande i Minneapolis


  • Bradley Joseph

  • Walter Mondale

  • Ole Rølvaag



Kjelder |





  1. «Twin Cities Region Population and Household Estimates, 2010» (PDF). Metropolitan Council. 1. april 2006. Henta 24. juli 2007. 




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Minneapolis


Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Minneapolis frå Wikivoyage



  • Nettstaden til City of Minneapolis

  • Minneapolis Issues Forum

  • Greater Minneapolis Convention and Visitor Association

  • Minneapolis City Charter

  • Downtown Minneapolis - Minneapolis Downtown Council

  • Minneapolis Neighborhood Organizations

  • Minneapolis Who's Who

  • Ein song om Minneapolis


  • A History of Minneapolis - Minneapolis offentlege bibliotek





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva