Stavangerflint
Stavangerflint AS var ein fabrikk for tilverking av flintgods som låg i Hillevåg i Stavanger. Produksjonen starta i 1949 og vart nedlagt i 1979.
Selskapet vart stifta allereie i 1946 og dei bygde ein heilt ny stor fabrikk i Hillevåg. I byrjinga heitte verksemda Stavanger Fajansefabrikk AS, men allereie tidleg på 50-talet endra dei namn til Stavangerflint AS.
Utover 50- og 60-talet var det ein livleg produksjon av servise og pynteartiklar som vasar, skåler, veggfat og mykje anna. Rett etter krigen var det ein voldsom trong her i landet for billige kvardagsservise, og den marknaden kasta både Stavangerflint og den hardaste konkurrenten, Figgjo Fajanse, seg over. Då den verste innanlandske trongen var stetta byrja dei etterkvart å sjå ut over landets grenser etter nye marknadar. På midten av 60-talet eksporterte Stavangerflint varene sine til ikkje mindre enn 24 land, mellom anna Storbritannia, USA, Canada, Danmark og Sverige, men den viktigaste marknaden var nok framleis i Noreg.
Stavangerflint AS fusjonerte med Figgjo Fajanse AS i 1968. Det vart dreve produksjon vidare i begge fabrikkane utover 1970-talet, men frå 1978 vart maskiner og tilsette gradvis flytta til Figgjo. Mange av dei tilsette takka nei til å byrja ved Figgjo, og fekk seg i staden nytt arbeid i Stavanger. I 1979 vart det heilt slutt på verksemda ved Stavangerflint.
Mellom dei kunstnarlege medarbeidarane var:
- Kåre Berven Fjeldsaa
- Vigdis Gløersen
- Gro Karlsen
- Anne Lofthus
- Kari Nyquist
- Carl Olaf Olsen
- Eystein Sandnes
- Inger Waage
- Kai Fjell
Porselen- og fajansefabrikkar i Norden | |
|---|---|
| Noreg | Herrebøe · Drammen · Porsgrund · Figgjo · Stavangerflint · Egersund |
| Sverige | Rörstrand · Gustavsberg · Marieberg · Göteborgs porslinsfabrik · Lidköpings porslinsfabrik · Karlskrona Porslinsfabrik · Stralsunds porslinsfabrik · Vänge-Gustafsbergs porslinsfabrik · Bobergs Fajansfabrik · Gefle Porslinsfabrik · Pålsjö fajansfabrik · Syco Keramik · Sölvesborgs fajansfabrik · Tillinge Fayence & Terracotta Fabrique · Ulfsunda stengodsfabrik · Upsala-Ekeby AB · S:t Eriks Lervarufabriker · Löfnäs stenkärlsfabrik · Gefle Kakelfabrik · Jie-Keramik · Höganäs Keramik |
| Danmark | Store Kongensgade Fajancefabrik · Kastrup Fajancefabrik · Den Kongelige Porcelænsfabrik · Bing & Grøndahl · Aluminia · Kähler Keramik · Kjøbenhavns Porcellains Maleri · Porcelænsfabriken Danmark · P. Ipsens Enke · Söholms keramikfabrik · Johgus · Spietz Fabrik · L. Hjorts Terracottafabrik · Michael Andersen & Son · Porcelænsfabrikken Désirée |
| Finland | Arabia · Kupittaan Savi · Pentik · Irisfabriken |