Ivar Giæver
Ivar Giæver | |
| |
Fødd | 5. april 1929 Bergen |
---|---|
Nasjonalitet | Noreg, USA |
Område | fysikk |
Yrke | fysikar, professor |
Institusjonar | Rensselaer Polytechnic Institute |
Alma mater | Rensselaer Polytechnic Institute Noregs tekniske høgskole |
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi National Academy of Sciences Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab American Academy of Arts and Sciences American Physical Society |
Nobelprisen i fysikk
1973
Ivar Giæver eller Giaever (fødd 5. april 1929) er ein norsk-amerikansk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1973.
Innhaldsliste
1 Livssoge
2 Forsking
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Livssoge |
Giæver var fødd i Bergen men voks opp på Toten, der faren var apotekar. Etter å ha jobba eitt år ved Raufoss ammunisjonsfabrikkar studerte Giæver ved NTH, der han blei ferdig sivilingeniør i 1952. Dette året gifta han seg òg med Inger Skramstad.
To år etter at utdanninga var avslutta utvandra ekteparet til Canada, der Ivar Giæver blei tilsett i selskapet General Electric. Frå 1958 var han tilknytt forskingsdelen av selskapet.
Han studerte fysikk vidare ved Rensselaer Polytechnical Institute i staten New York. I 1964 blei han både dr.philos. og amerikansk statsborgar. Giæver forlet General Electric i 1988 og blei professor ved Rensselaer. Han er òg utnemnd til professor ved Universitetet i Oslo, der han er gjesteførelesar kvar sommar.
Forsking |
I tida mellom 1958 og 1969 fokuserte Giæver på elektron-tunnelering gjennom tynne isolerande filmar mellom metall som fungerte normalt og som superleiarar. Det var banebrytande arbeid innan dette felte som gav han Nobelprisen i fysikk i 1973, saman med Leo Esaki.
I 1969 studerte Giæver biofysikk i Cambridge og har sidan jobba mykje med dette området.
Kjelder |
- nobelprize.org
- uio.no
Bakgrunnsstoff |
- Heimesida til Ivar Giaever
- Om Ivar Giaever frå Det svenske nobelinstituttet
Vinnarar av Nobelprisen i fysikk | |
---|---|
1901–1925 | Röntgen (1901) · |
1926–1950 | Perrin (1926) · |
1951–1975 | Cockcroft / Walton (1951) · |
1976–2000 | Richter / Ting (1976) · |
2001– | Cornell / Ketterle / Wieman (2001) · |
|