Port Waikato






Luftfoto av Port Waikato


Port Waikato ligg på sørbreidda til elva Waikato River der ho renn ut i Tasmanhavet, på vestkysten til Nordøya på New Zealand. Dette er no ein liten busetnad med eit folketal på under 300 menneske, men han var ei viktig hamn under newzealandkrigane på 1800-talet. Hamna har eit handelshus som vart oppretta i 1893, ein restaurant, bibliotek, samfunnshus, brannstasjon, surfeklubb, båtklubb og ein aktiv fiskeklubb.


Port Waikato er ein kjend stad for surfing og fiske, og ein populær fritidsstad. Det kan fiskast frå klipper og frå stranda og utanfor sanddynene i elvemunningen. Flyndre og multefisk (familien Mugilidae) kan ein få rikeleg av med slepenot.


Like sør for byen ligg eindel særprega sandsteinsutløparar der ein del av scenene i filmtriologien Lord of the Rings vart tekne opp.


Nær byen vart det skipa ein leirskule i 1920-åra.


Koordinatar: 37°23′S 174°44′E



  • Denne artikkelen bygger på «Port Waikato» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2008.



Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva