Tom Scott
Tom Scott | |
Verkeleg namn | Thomas Wright Scott |
Fødd | 19. mai 1948 (70 år) Los Angeles |
Instrument | Saksofon, klarinett, fløyte, lyricon |
Sjanger | Vestkystjazz, jazzfusion, smooth jazz |
Aktive år | 1965 til i dag |
Yrke | Arrangør, bandleiar, komponist, dirigent, studiomusikar |
Tilknytte artistar | The Blues Brothers, The L.A. Express, Tom Scott Quartet, Neoteric Trio, Joni Mitchell, John Lennon |
Plateselskap | Verve |
Thomas Wright «Tom» Scott (fødd 19. mai 1948) er ein USA-amerikansk saksofonist, komponist, arrangør, dirigent og bandleiar i vestkyssjazz/jazzfusion-ensemblet L.A. Express.
Innhaldsliste
1 Biografi
2 Diskografi
2.1 Som leiar
2.2 med the L.A. Express
2.3 med The Blues Brothers
2.4 Som sidemann
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Biografi |
Scott var fødd i Los Angeles i California. Han er son av film- og fjernsynskomponisten Nathan Scott, som lagde musikk til meir enn 850 fjernsynsprogram og meir enn 100 filmar, mellom anna for Dragnet og Lassie.[1]
Dei mest kjende verka til Tom Scott er kjenningsmelodiar til fjernsynsseriar i 1970- og 1980-åra — Starsky and Hutch (eit spor kalla «Gotcha!») og The Streets of San Francisco, og sopransaksofonsoloen på hitsingelen «Listen to What the Man Said» for Wings i 1975. I 1982 samarbeidde Scott med Johnny Mathis om å skrive og spele inn to versjonar – ein med tekst og ein utan – av «Without Us», kjenningsmelodien til situasjonskomedien Family Ties i 1980-åra. Versjonen hans av «Today» (ein Jefferson Airplane-song) vart sampla av Pete Rock & CL Smooth i 1992 på hiten «They Reminisce Over You (T.R.O.Y.)».[2]
Den profesjonelle karrieren til Scott byrja som tenåring, som leiar av jazzensemblet Neoteric Trio, og så som særs etterspurd studiomusikar. Han har lange mange soloinnspelingar, som han har fått 13 Grammy-nominasjonar for. Han vann tre av dei. Han har òg laga mykj musikk for fjernsyn og film, og spelt for artistar som George Harrison, the Beach Boys, the Grateful Dead, Paul McCartney, Steppenwolf, Rod Stewart («Do Ya Think I'm Sexy?»), Whitney Houston, Barbra Streisand, Joni Mitchell, Blondie («Rapture»), Eddie Money, Steely Dan, Pink Floyd, Quincy Jones, Carole King, Olivia Newton-John og Frank Sinatra.
Scott var eit av medlemmane i the Blues Brothers Band, men er ikkje med i dei to filmane The Blues Brothers og Blues Brothers 2000. Scott avr leiar for husbandet i to kortvarige prateprogram CBS sitt The Pat Sajak Show og Fox sitt The Chevy Chase Show.
Diskografi |
Som leiar |
The Honeysuckle Breeze (Impulse!, 1967)
Rural Still Life (Impulse!, 1969)
Hair to Jazz, 1970
Paint Your Wagon, 1971
Great Scott, 1972
New York Connection, 1975
Blow It Out, 1977
Intimate Strangers (delvis live), 1978
Street Beat, 1979
Apple Juice (live), 1981
Desire, 1982
Target, 1983
One Night – One Day, 1985
Streamlines, 1987
Flashpoint, 1988
Them Changes (med The Pat Sajak Show-husbandet), 1990
Keep This Love Alive, 1991
Born Again, 1992
Reed My Lips, 1994
Night Creatures, 1995
Toy Story 2: An Original Walt Disney Records Soundspor, 1999
New Found Freedom, 2002
Bebop United (live), 2006
Cannon Reloaded, 2008
med the L.A. Express |
Tom Scott and The L.A. Express (Ode, 1973)
Tom Cat (Ode, 1974)
Bluestreak (GRP, 1997)
Smokin' Section (Windham Hill Jazz, 1999)
med The Blues Brothers |
Briefcase Full of Blues, 1978
Made in America, 1980
Best of the Blues Brothers, 1981
Dancin' Wid Da Blues Brothers, 1983
Everybody Needs the Blues Brothers, 1988
The Definitive Collection, 1992
The Very Best of The Blues Brothers, 1995
The Blues Brothers Complete, 2000
The Essentials, 2003
Som sidemann |
med Don Ellis
Don Ellis Orchestra 'Live' at Monterey! (Pacific Jazz, 1966)
Live in 3⅔/4 Time (Pacific Jazz, 1967)
Pieces of 8 (innspelt 1967, gjeve ut 2006)
med Richard «Groove» Holmes
Welcome Home (World Pacific Jazz, 1968)
Six Million Dollar Man (Flying Dutchman, 1975)
med Alphonse Mouzon
The Man Incognito (1975)
med Oliver Nelson
Live from Los Angeles (Impulse!, 1967)
Soulful Brass med Steve Allen (Impulse!, 1968)
med Bill Plummer
Cosmic Brotherhood (1968)
med Howard Roberts
The Magic Band - Live at Dontes (1968, gjeve ut 1998)
The Magic Band - Vol 2 (1968, gjeve ut 1998)
med Lalo Schifrin
Che! (Tetragrammaton, 1969)
Rock Requiem (Verve, 1971)
med Gábor Szabó
Light My Fire med Bob Thiele (Impulse!, 1967)
Macho (Salvation, 1975)
med Bob Thiele Emergency
Head Start (Flying Dutchman Records, 1969)
med Carole King
Jazzman (Jazzman Records, 1974)
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Tom Scott (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. januar 2015.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Burlingame, Jon (3. mars 2010). «Nathan Scott, 94, scored TV shows – Composer's credits included 'Dragnet,' 'Lassie'». Variety Magazine.
↑ Video på YouTube
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
Tom Scott på Allmusic
The Blues Brothers | |
---|---|
Medlemmar | «Joliet» Jake E. Blues · Elwood J. Blues · Steve «The Colonel» Cropper · Donald «Duck» Dunn · Murphy Dunne · Willie «Too Big» Hall · Steve «Getdwa» Jordan · Tom «Bones» Malone · «Blue» Lou Marini · Matt «Guitar» Murphy · Alan «Mr. Fabulous» Rubin · Paul «The Shiv» Shaffer · Tom «Triple Scale» Scott |
Album | Briefcase Full of Blues (1978) · The Blues Brothers: Music from the Soundtrack (1980) · Made in America (1980) · Best of The Blues Brothers (1981) · Dancin' wid da Blues Brothers (1983) · The Blues Brothers Band Live in Montreux (1990) · Red, White & Blues (1992) · The Very Best of The Blues Brothers (1995) · Blues Brothers and Friends: Live from Chicago's House of Blues (1997) · Blues Brothers 2000: Original Motion Picture Soundtrack (1998) |
Filmar | The Blues Brothers · Blues Brothers 2000 |
Videospel | The Blues Brothers · Blues Brothers 2000 |
Tilknytte artiklar | romanen The Blues Brothers · Blues Brothers: Private · Bluesmobile · The Blues Brothers Show |
|