Atom Heart Mother
Atom Heart Mother Studioalbum av Pink Floyd | ||
Utgjeve | 10. oktober 1970 | |
Innspelt | Mars-august 1970 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 47:48 | |
Selskap | Harvest, EMI (Storbritannia) Harvest, Capitol (USA) | |
Produsent | Pink Floyd, Norman Smith (sjefsprodusent) | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| ||
Pink Floyd-kronologi | ||
Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother | Relics (1971) |
Atom Heart Mother er eit progressivt album av Pink Floyd. Det er kalla opp etter tittelsporet, som opphavleg vart kalla «The Amazing Pudding». Tittelen vart endra etter at bandet las ein avisartikkel om ei gravid dame med ein atomdriven pacemaker med overskrifta «ATOM HEART MOTHER». Albumet vart spelt inn i Abbey Road Studios i London, og nådde første plass på den britiske albumlista, og 55. plass i USA. Ei ny CD-utgåve med betre digital lyd kom ut i 1994.
Albumet var den første orkesterinnspelinga til Pink Floyd og eit samarbeid med den avantgardistiske komponisten Ron Geesin.
Ei heil side av plata bestod av tittesporet, eit symfonisk rockestykke på 23 minutt. Den andre sida var samansett av ein song av Roger Waters, ein av David Gilmour og ein av Richard Wright. Bruken av tilfeldige lydeffektar og snakkande stemmer vart etter dette ein viktig del av lydbiletet til bandet.
Det lengste sporet på plata er ei vidareutvikling av Pink Floyd sin tidlegare instrumental «A Saucerful of Secrets» delt inn i seks delar og med eit fullt orkester. Eit anna langt spor er «Alan’s Psychedelic Breakfast» som er delt inn i tre, der ein kan høyre konsertarbeidaren Alan Stiles som lagar, snakkar om og et frukost. Ei av årsakene til at songane var delt opp i fleire samanhengande delar kom av at grupper tidleg på 1970-talet av og til berre fekk honorar etter kor mange spor det var på albumet. På den originale vinylutgåva var den innarste rilla på vinylplata sirkulær, slik at stiften på platespelaren berre gjekk rundt og rundt og spelte av lyden av ein dryppande kran heilt til nokon fysisk stoppa avspelinga. I tillegg til desse to lange spora var det tre mindre songar. Roger Waters laga visa «If», som ofte vart spelt på turnéen etter soloalbumet hans Radio KAOS. Richard Wright laga den messinginstrumentbaserte, nostalgiske «Summer ’68», som var ein kritikk av «rock and roll»-livsstilen som Pink Floyd snart skulle bli ein del av. Til slutt medverka David Gilmour med den bluesaktige «Fat Old Sun», som vart ein del av konsertane til Pink Floyd dei neste to åra.
Albumet vart på den tida rekna for å vere eit stort tilbakesteg for bandet, og er i dag rekna som ei av dei mindre tilgjengelege platene til Pink Floyd. Plata fekk derimot den beste plasseringa bandet hadde hatt til då, og nådde førsteplass i Storbritannia og 55. plass i USA. Gilmour har i etterkant skildra plata som «tull og tøys», medan Waters har sagt at han ikkje kom til å bry seg om nokon «kasta albumet i søppelkorga og ikkje høyrde på det igjen». Albumet var igjen ein overgang til det neste stadiet i utviklinga til bandet, og tittelsporet gav hint om framtidige spor som «Echoes». Sidan albumet var såpass populært førte det til at Pink Floyd kunne reise på sin første fulle USA-turné.
Omslaget på albumet viser ei heilt vanleg ku som står på eit heilt vanleg jorde, utan tekst eller andre teikn som viser kva som kan vere på plata. Dette kjem av at bandet på den tida ville utforske all slags musikk utan å bli assosiert med eit enkelt bilete eller ein spesiell musikksjanger. Dei kravde derfor at albumet skulle ha «noko enkelt» på omslaget, som til slutt vart bilete av ei ku. Storm Thorgerson har fortalt at han berre køyrde ut til eit landleg område og fotograferte det første han såg, kua Lulubelle III.
Innhaldsliste
1 Innhald
2 Medverkande
3 Songar
3.1 Atom Heart Mother
3.2 If
3.3 Summer ’68
3.4 Fat Old Sun
3.5 Alan's Psychedelic Breakfast
3.5.1 Rise and Shine
3.5.2 Sunny Side Up
3.5.3 Morning Glory
4 Kjelder
Innhald |
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Vokal/stemme | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «Atom Heart Mother» | Gilmour, Waters, Wright, Mason, Ron Geesin | John Aldiss Choir | 23:44 |
| 2. | «If» | Waters | Waters | 4:31 |
| 3. | «Summer of '68» | Wright | Wright | 5:29 |
| 4. | «Fat Old Sun» | Gilmour | Gilmour | 5:22 |
| 5. | «Alan's Psychedelic Breakfast» | Gilmour, Mason, Wright, Waters | Alan Stiles | 13:00 |
Medverkande |
David Gilmour: Gitar og vokal, bassgitar på «Fat Old Sun» og «Alan's Psychedelic Breakfast» (Morning Glory), trommer på «Fat Old Sun».
Roger Waters: Bassgitar, lydeffektar og vokal, akustisk gitar på «If».
Richard Wright: Tangentar, piano, instrumentering og vokal. Bassgitar på «If».
Nick Mason - Trommer, perkusjon og lydeffektar. Lydteknikar på «Alan's Psychedelic Breakfast».
med:
- John Aldiss Choir - kor
Alan Parsons - lydteknikar- Peter Bown - lydteknikar
Ron Geesin - instrumentering og komponist på tittelsporet.- Alan Stiles - stemme på «Alan's Psychedelic Breakfast»
- Abbey Road Session Pops Orchestra - orkester på tittelsporet.
Songar |
Atom Heart Mother |
- For meir om dette emnet, sjå Musikkstykket Atom Heart Mother.
If |
Songen er ei roleg vise av Waters som handlar om sjølvanalyse. Songen vart berre spelt på konsert ein gong, og det var på John Peel sitt radioprogram 16. juli 1970 i London. Waters har derimot spelt songen fleire gongar på sine soloturnéar. [1].
Sidan Waters spelte akustisk gitar, spelte Wright bass på dette sporet.
Summer ’68 |
Richard Wright skreiv denne songen som handlar om ein kort kjærleiksaffære, truleg med ein kvinneleg tilhengjar, og det vanlege livet etter.[2]. Den mjuke pianointroen står i kontrast til den rike og Ennio Morricone-liknande trompetsoloen i midten og slutten av songen. Songen hintar òg om at det er keisamt å turnére og eit ønskje om å rømme frå alt saman: «My friends are lying in the sun, I wish that I was there...»
Fat Old Sun |
Gilmour spelar alle instrumenta på dette sporet, bortsett frå tangentinstrumenta som er spelt av Wright. Songen vart spelt mykje på konsertar i ein mykje lengre versjon som ofte varte opp mot 15 minutt. I 2006 spelte David Gilmour songen på sine turnéar. Songen kan kanskje best skildrast som ein hymne til landsbygda (som t.d. «Grantchester Meadows») med ein dempa og likevel skarp melodi og tekst.
Alan's Psychedelic Breakfast |
Dette musikkstykket er i hovudsak Pink Floyd som spelar musikk medan scenearbeidaren Alan Stiles snakkar om frukosten han held på å lage og så et, i tillegg til frukostar han har hatt tidlegare. («Breakfast in Los Angeles. Microbiotic stuff...»). Det er lange pausar før det første, og mellom alle tre, instrumentalpartia der ein berre høyrer Alan som mumlar og flyttar seg rundt på kjøkenet. Gjennom store delar av stykket kan ein høyre ekkoet av setningar Stiles seier, som t.d. «Microbiotic stuff». Dei tre delane av songen er:
Rise and Shine |
Partiet inneheld piano, orgel, steelgitar og elektrisk gitar gjennom ein Leslieforsterkar.
Sunny Side Up |
Dette partiet vart skriven og framført av David Gilmour aleine på to akustiske gitarar og ein steelgitar. Songen hintar fram mot songen «A Pillow of Winds» på Meddle året etter.
Morning Glory |
Dette stykket vart framført av heile bandet utanom Roger Waters. Hovudinstrumentet er Wright sitt piano, som er spelt inn tre gonger (ein i venstre, ein i midtre og ein i høgre lydkanal). Partiet har òg ein markant bass, elektrisk gitar, trommer og hammondorgel.
Kjelder |
↑ Usual setlist for Radio KAOS shows at a Pink Floyd fan site
↑ http://www.songfacts.com/detail.php?id=4016
Pink Floyd | |||||||||||||||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
David Gilmour · Nick Mason Syd Barrett · Roger Waters · Richard Wright | |||||||||||||||||||||||||||||
| Studioalbum | The Piper at the Gates of Dawn · A Saucerful of Secrets · More · Ummagumma · Atom Heart Mother · Meddle · Obscured by Clouds · The Dark Side of the Moon · Wish You Were Here · Animals · The Wall · The Final Cut · A Momentary Lapse of Reason · The Division Bell · The Endless River | ||||||||||||||||||||||||||||
| Konsertalbum | London '66–'67 · Ummagumma · Delicate Sound of Thunder · PULSE · Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 | ||||||||||||||||||||||||||||
| Samleplater | The Best of the Pink Floyd / Masters of Rock · Relics · A Nice Pair · A Collection of Great Dance Songs · Works · 1967: The First Three Singles · Echoes: The Best of Pink Floyd · The Best of Pink Floyd: A Foot in the Door | ||||||||||||||||||||||||||||
| Plateboksar | Shine On · Oh, by the Way · Discovery | ||||||||||||||||||||||||||||
| Konsertfilmar | London '66–'67 · Live at Pompeii · Delicate Sound of Thunder · Pulse | ||||||||||||||||||||||||||||
| Forteljande filmar | The Wall · The Final Cut | ||||||||||||||||||||||||||||
| Dokumentarar | The Pink Floyd and Syd Barrett Story · The Making of The Dark Side of the Moon · London '66–'67 · The Story of Wish You Were Here | ||||||||||||||||||||||||||||
| Filmmusikkalbum | Tonite Lets All Make Love in London · The Committee · Zabriskie Point · More · Obscured by Clouds · La Carrera Panamericana | ||||||||||||||||||||||||||||
| Singlar |
| ||||||||||||||||||||||||||||
| Turnear | Pink Floyd World Tour 1968 · The Man and The Journey Tour · Atom Heart Mother World Tour · Meddle Tour · Dark Side of the Moon Tour · Pink Floyd 1974 tours · Wish You Were Here Tour · In the Flesh (1977 Pink Floyd 'Animals' tour) · The Wall Tour · A Momentary Lapse of Reason Tour · The Division Bell Tour | ||||||||||||||||||||||||||||
| Plateprodusentar | Clive Brooks · Joe Boyd · Bob Ezrin · James Guthrie · John Leckie · Alan Parsons · John Elder Robison · Norman Smith · Chris Thomas · Peter Watts | ||||||||||||||||||||||||||||
| Platestudio | Abbey Road · Astoria · Britannia Row · Hookend | ||||||||||||||||||||||||||||
| Turnémusikarar | Andy Bown · Jon Carin · Scott Page · Dick Parry · Guy Pratt · Tim Renwick · Andy Roberts · Gary Wallis · Snowy White · Peter Wood | ||||||||||||||||||||||||||||
| Korvokalistar | Sam Brown · Lesley Duncan · Venetta Fields · Claudia Fontaine · Rachel Fury · Jim Haas · Carol Kenyon · Durga McBroom · Clare Torry · Doris Troy | ||||||||||||||||||||||||||||
| Tilknytte artiklar | Diskografi · Songliste · Ron Geesin · Bob Klose · Ian Emes · Max Barrett · Carolyne Christie · Willie Christie · Polly Samson · Azimuth Co-ordinator · EMS Synthi A · Dark Side of the Rainbow · Games for May · The Man and The Journey · Midsummer High Weekend · The 14 Hour Technicolor Dream · Music from The Body · Publius Enigma · 19367 Pink Floyd · Pinkfloydia · Proper Education · Roy Harper · Pink Anderson & Floyd Council · Gerald Scarfe · Hipgnosis · * Peter Christopherson · * George Hardie · * Aubrey Powell · * Storm Thorgerson · The Amazing Pudding · Why Pink Floyd...? · Bob Geldof · Alan Parker · Picnic – A Breath of Fresh Air | ||||||||||||||||||||||||||||
Tema:Pink Floyd | |||||||||||||||||||||||||||||
|