Posts

Showing posts from March 24, 2019

Bibliotekar

Image
Måleriet Bibliotekaren av Giuseppe Arcimboldo frå 1556. Bibliotekar er ein yrkestittel for ein person tilsett ved eit bibliotek, i dag som regel også utdanna innan bibliotek- og informasjonsvitskap. Bibliotekarar kan organisera og vedlikehalda informasjon og dokument samla i eit bibliotek, og har gjerne også i oppgåve å formidla og tilretteleggja dette materialet for brukarar. Den eldste omtalen av yrkesgruppa er frå Antikken i samband med Biblioteket i Alexandria. I Noreg | Vigdis Moe Skarstein blei norsk nasjonalbibliotekar i 2004. I Noreg slår Bibliotekloven av 1985 fast at kvar kommune er pålagt å ha eit offentleg bibliotektilbod, og at biblioteksjefar må vera fagutdanna i bibliotekaryrket. Den vanlegaste utdanninga i Noreg skjer ved Høgskolen i Oslo, der ein kan ta mastergrad i bibliotek- og informasjonsvitskap. Dokumentasjonsvitenskap ved Universitetet i Tromsø er også godkjend utdanning for bibliotekarar. NTNU i Trondheim, Høgskolen i Bergen og Høgskolen i

Kosmologisk dikt

Image
Voluspå på eit frimerke frå Færøyane Kosmologiske dikt (av gresk kosmologia , 'lære om verdsbygnaden') er dikt som fortel om korleis verda vart skapt og utviklar seg. Eit kosmologisk dikt kan òg kallast ein kosmogoni. Det norrøne eddadiktet Voluspá kan tene som døme. Det fortel om korleis gudane, verda, tussane og menneska vart til, korleis verda utvikla seg og gjekk under, og om korleis ho oppstod att for andre gong med ein ny himmel og ei ny jord. Og om den vona som knytte seg til to overlevande menneske, ein mann og ei kvinne, som fekk høve til å byrja heilt på nytt. Henrik Wergelands dikt Skabelsen, Mennesket og Messias (1830) (og den omarbeidde versjonen Mennesket (1845)), gjerne omtala som verdsdikt , er òg kosmologisk. Wergeland si skapingssoge har henta inspirasjon frå mange kantar, mellom anna frå Bibelen. Det er eit storfelt episk-dramatisk-lyrisk verk. Den verdshistoriske framstillinga hans sprengjer rammene for bibelen, som held seg til soga åt jødefo

Pontassieve

Image
Elva Sieve renn gjennom delar av Pontessieve Pontassieve er ein by og ein kommune i provinsen Firenze i Toscana-regionen i Italia. Kommunen har nær 21 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 114,4 km². Byen ligg ved åmotet mellom Arno og Sieve, 108 meter over havet. Frå kommunesentrum er det 14 kilometer vestover til provinshovudstaden Firenze Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Pontassieve» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2013. Autoritetsdata VIAF GeoNames MusicBrainz (area) This page is only for reference, If you need detailed information, please check here

Johann Olav Koss

Image
Johann Olav Koss Fødd 29. oktober 1968 Drammen Yrke lege, skøyteløpar Johann Olav Koss på Commons Johann Olav Koss (fødd 29. oktober 1968) er ein tidlegare norsk skeiseløpar og olympisk meister frå Drammen. Han representerte Strømmen IF og SK 94 Koss vert sett på som ein av dei beste skeiseløparane gjennom tidene, og var om lag på same nivå som Hjalmar Andersen og Knut Johannesen. Innhaldsliste 1 Idrettskarriere 2 Utmerkingar 3 Humanitært arbeid 4 Kjelder 5 Bakgrunnsstoff 6 Referanse Idrettskarriere | Koss vart norsk juniormeister på skeiser i 1987, men låg eit stykke bak dei beste i junior-VM i 1986 og 1987. I 1988 debuterte han på seniornivå i VM på Medeobanen i Alma Ata, men då han enda på 35. plass på 5000-meteren kvalifiserte han seg ikkje til den avsluttande 10 000-meteren. Året etter kom han på 8. plass i VM og 15. plass i EM. Gjennombrotet kom i 1990, då han vann verdsmeisterskapen i Innsbruck i Austerrike. De

In Star Trek IV, why did the Bounty go back to a time when whales were already rare?

Image
22 1 In Star Trek IV: The Voyage Home , the Bounty travels back to what looks to be Earth circa 1985 to acquire a breeding pair of whales. Yet at this time, whales were already in danger and people were sophisticated enough that the Bounty might be detected and possibly destroyed. Why did they not travel back to 900 AD or so before mass whaling or missiles became a thing? star-trek the-voyage-home share | improve this question edited 26 mins ago Peter Mortensen 212 1 9 asked yesterday