Vanylvsfjorden
Koordinatar:
Vanylvsfjorden er ein fjord på grensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i kommunane Vanylven og Selje. Fjorden ligg aust for Stadlandet og strekkjer seg 22 km frå Rivjehornet og Haugsholmen i nord inn til den tronge og grunne Kjødepollen i Selje i Nordfjord. Nord for Vanylvsfjorden ligg Vanylvsgapet til nordvest og Haugsfjorden i Vanylven til nordaust.
Han er jamt over mellom tre og fem kilometer brei og smalnar mykje lengst inne. Største djupna er 252 m utanfor Rivjehornet.
Bruket Borgund ligg like ved Rivjehornet på vestsida og litt lenger sør ligg bygda Leikanger. Sør for Sighaugneset deler fjorden seg i to. Syltefjorden stikk inn mot aust, medan Vanylvsfjorden held fram sørover. På sørsida av innløpet til Syltefjorden ligg bygda Vanylven og litt lenger sør bygda Åheim. Inst i fjorden ligg Kjødepollen og grenda Kjøde.
Riksveg 620 går langs vestsida av fjorden, rundt Kjødepollen og nord til Åheim. Frå her går Riksveg 61 vidare nordover