Skuronn

Multi tool use

Skuronn i gamle dagar. Målarstykke av Abel Grimmer (om lag 1570-om lag 1619), flamsk målar, Antwerpen.

Moderne skuronn med skurtreskar.
Skuronn er i onn på hausten då kornet vert hausta. Tidlegare vart kornet skore med sigd, eller slege med ljå. Når kornet vart skore vart det samstundes samla og bunde til høveleg store kornband. Dette arbeidet kravde at ein stod bøygd heile dagen og det førte til mange stive ryggar rundt om på gardane. Når kornet vart skore med sigd var både kvinner og menn var med på dette arbeidet, men når det vart slege med ljå var det mennene som slo og kvinnene som batt. Kornbanda vart sette på staur for å tørka og når kornet var tørt vart det køyrd inn og lagra på kornlåven. Treskinga skjedde som oftast seinare på hausen, eller ut over vinteren.

Havreskjering med sigd på Fossheim i Jølster på slutten av 1800-talet.
Foto: Axel Lindahl
I fyrste halvdelen av 1800-talet vart dei fyrste skårleggarane for hest laga i USA og seinare vart det utvikla sjølvbindarar som i tillegg til å slå kornet samla det og batt det saman til kornband. Då sjølvbindarane kom til Noreg tidleg på 1900-talet var det berre storgardane som såg seg råd til å kjøpa dei, men etter kvart fekk òg mindre gardsbruk sjølvbindarar. Desse maskinane gjorder slutt på det tidkrevjande arbeidet med å skjera kornet.
Då skurtreskarane vart utbreidd gjekk skuronna enda snøggare. I dag vert det nytta store og effektive skurtreskarar, som gjer at kornet kan haustast i rett tid og det er lettare å unngå tap på grunn av overmodning.
Sjå òg |
- Skårleggar
- Sjølvbindar
- Tresking
- Drøfting
- Skurtreskar
- Onn
- Våronn
- Slåttonn
4k7ZjUhCennZf2 WtCKzlCf 4zjkvepoDWPXN,1UEJ4u dDjFaNEV60b 7E7ihY9mBnkGNA TQN4,rkJnoV
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...