Kofi Annan






































Kofi Annan

Kofi Annan 2012 (cropped).jpg

Fødd

8. april 1938

Kumasi


Død

18. august 2018
Bern
Yrke

Diplomat

Verv
Den 7. generalsekretæren for SN
 - periode
1. januar 1997–31. desember 2006
 - føregangar

Boutros Boutros-Ghali

Ektefelle
Nane Annan (f. Lagergren)



Nobelprisen


Nobels fredspris
2001



Kofi Atta Annan (8. april 1938–18. august 2018)[1] var ein ghanesisk diplomat og den sjuande generalsekretæren for dei sameinte nasjonane, han hadde denne jobben frå 1. januar 1997 til 1. januar 2007. Saman med SN fekk han Nobels Fredspris i 2001.


Annan blei fødd i Kumasi i den dåverande britiske kolonien Gullkysten, no Ghana. Han kom frå ein styrande familie; begge bestefedrane og ein onkel var stammehøvdingar. Faren hans var halvt ashanti og halvt fante medan mor hans var fante. I følgje tradisjonell ghanesisk namngjeving fortel namnet noko om fødselen til Annan. Kofi tyder at han var fødd på ein fredag, Annan at han var den fjerde ungen i familien, og Atta fortalde at han var fødd som tvilling, noko som blir sett på som svært spesielt i Ghana. Tvillingsystera Efua Atta døydde i 1991.


Kofi Annan byrja karrieren sin i SN-systemet i 1962, då han blei tilsett ved Verdshelseorganisasjonen (WHO). I 1996 blei han vald til generalsekretær i Dei sameinte nasjonane, ei stilling han blei innsett i den 1. januar 1997. I 2001 blei han gjenvald for ein ny periode som leiaren av SN, og han sat perioden ut, til 31. desember 2006.


Kofi Annan var gift med den svenske advokaten og artisten Nane Maria Annan. Dei hadde tre barn - to av dei, Kojo Annan og Ama Annan, var frå eit tidlegare ekteskap Kofi Annan hadde, mens den tredje, Nina Cronstedt de Groot var frå Nane Maria Annan sitt tidlegare ekteskap.



Kjelder |




  1. «Kofi Annan, former UN chief, dies at 80». BBC. Henta 18 August 2018. 



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kofi Annan





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva