James Craig Watson











































James Craig Watson
PSM V19 D594 James Craig Watson.jpg

Fødd
28. januar 1838
Fingal, Ontario
Død
22. november 1880
Madison
Nasjonalitet USA, Canada
Område astronomi
Yrke
astronom, universitetslærar
Institusjonar
University of Michigan
Detroit-observatoriet
Alma mater University of Michigan
Doktorgradsrettleiar
Karl Christian Bruhns
Wilhelm Scheibner
Medlem
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society

James Craig Watson (28. januar 1838–22. november 1880) var ein kanadisk-amerikansk astronom fødd i landsbyen Fingal i Ontario. Familien hans flytta til Ann Arbor i Michigan i 1850.


Då han var 15 år gamal vart han teke opp ved Universitetet i Michigan, der han studerte klassiske språk. Seinare fekk han lektyrar i astronomi av professor Franz Brünnow.


Han var den andre direktøren på Detroit-observatoriet (frå 1863 til 1879), og tok over etter Franz Brünnow. Han skreiv tekstboka Theoretical Astronomy i 1868.


Han oppdaga 22 asteroidar. Oppdagingane hans starta med 79 Eurynome i 1863. Ein av hans asteroideoppdagingar, 139 Juewa, vart gjort frå Beijing der Watson var for å observera venuspassasjen i 1874. Namnet Juewa vart valt av kinesiske embetsmenn Pīnyīn (瑞華, i moderne pīnyīn, ruìhuá).


Han var sterk i trua på at planeten Vulkan eksisterte, ein hypotetisk planet med ein bane nærare Sola enn den til Merkur som ein no veit at ikkje eksisterer (det finst likevel framleis ein liten sjanse for at vulkanoide-asteroidande ekisterer). Han meinte han hadde sett to slike planetar under ei solformørking i juli 1878 frå Wyoming.


Han døydde av bukhinnebetennelse ved ein alder på 42. Han hadde fått tak i ein større sum pengar gjennom ikkje-astronomiske aktivitetar. Desse pengane gjekk etter hans død til James Craig Watson-medaljen, ein medalje som vert delt ut kvart tredje år av National Academy of Sciences for bidrag til astronomien.


Asteroiden 729 Watsonia vart namnsett til minne om han.































































































Dei 22 asteroidane James Craig Watson oppdaga
79 Eurynome
14. september 1863
93 Minerva
24. august 1867
94 Aurora
6. september 1867
100 Hekate
11. juli 1868
101 Helena
15. august 1868
103 Hera
7. september 1868
104 Klymene
13. september 1868
105 Artemis
16. september 1868
106 Dione
10. oktober 1868
115 Thyra
6. august 1871
119 Althaea
3. april 1872
121 Hermione
12. mai 1872
128 Nemesis
25. november 1872
132 Aethra
13. juni 1873
133 Cyrene
16. august 1873
139 Juewa
10. oktober 1874
150 Nuwa
18. oktober 1875
161 Athor
19. april 1876
168 Sibylla
28. september 1876
174 Phaedra
2. september 1877
175 Andromache
1. oktober 1877
179 Klytaemnestra
11. november 1877


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «James Craig Watson» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2008.



Bakgrunnsstoff |




  • Ein kort biografi av Dictionary of Canadian Biography Online.

  • Richard Baum og William Sheehan (1997). «In Search of Planet Vulcan, The Ghost in Newton's Clockwork Machine» ISBN 0-306-45567-6.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva