Skotår

Multi tool use

Eit humoristisk kort frå skotåret 1908 som viser kvinner som lurer på ein ung mann. Skotår var tradisjonelt det einaste året då også kvinner kunne fri.
Eit skotår er eit år som er litt lengre enn eit normalt år. «Skot» viser til at ein «skyt inn» ein ekstra tidsbolk i året. I vestleg tidsrekning inneber dette at året har éin dag meir enn normalår. I lunisolarkalendrar som den babylonske, jødiske og den gamle romerske har skotår ein ekstra skotmånad.
Jorda brukar ca. 365,2422 dagar på ein runde rundt sola. Eit normalt år har 365 dagar, med 28 dagar i februar. I eit skotår har februar ein ekstra dag, skotdagen eller skotårsdagen, 29. februar, og samla 366 dagar for heile året. Grunnen til at den ekstra dagen vart lagt til februar, og grunnen til at februar er så mykje kortare enn dei andre månadene er at i den eldre romerske kalenderen var mars den første månaden i året og februar den siste.
Ein kuriositet er at den «nye» dagen ikkje vart lagt sist i månaden, men etter den 24. februar. Den 24. februar var av romarar kalla dag 6 før Kalendæ i mars. Skotdagen vart då kalla den andre dag 6 før Kalendæ i mars. Kalendæ er romarane sitt namn på den første dagen i månaden, og dei rekna seg bakover til Kalendæ, der dag 1 før Kalendæ var Kalendæ sjølv. Han vart kalt ante diem bis sextum Kalendas Martias, eller forkortet bissextum, derfor det engelske ord bissextile for skotår.
Eit skotår er normalt kvart fjerde år — i alle årstal som er delelege med 4. Unnataket er hundreåra (1700, 1800, 1900 osv.), som ikkje har skotår med mindre dei også er delelege med 400 (1200, 1600, 2000, 2400 osv.). Det var såleis skotår i 2000, men skotåret fell bort i 2100. Denne fordelinga av skotår vart innført i Noreg med den gregorianske kalenderen i år 1700.
Kjelder |
«Skuddag», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014
iMjsnaOJHK5GgXl6ORdOjYfjRKd,cG oKl POLOI7iA43YAuZz
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...