Ål i Hallingdal
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ål.
| Ål | |
Sundre | |
tettstad | |
Ål sett frå Sundreberget | |
| Land | |
|---|---|
Fylke | Buskerud |
Kommune | Ål |
| Areal | 2,65 km² |
| Folketal | 2 317 (2017) |
| Folketettleik | 874 / km² |
Postnummer | 3570 Ål |
| Innbyggjarnamn | åling |
| Preposisjon | på Ål |
Wikimedia Commons: Ål (village) | |
Ål er ein tettstad og administrasjonssenteret i Ål kommune i Buskerud. Tettstaden ligg midt i Hallingdalen, ved den austlege enden av Strandafjorden, og har 2 317 innbyggjarar per 1. januar 2017.[1]
Størstedelen av tettstaden ligg på nordsida av Hallingdalselve, og heiter Sundre. Dei små forstadene rundt er Hago, Vestlia og Granhagen. Riksveg 7 går gjennom Ål på nordsida av elva og på sørsida ligg Ål stasjon, som er stoppestad for Bergensbanen.
Ål er eit handels- og skulesentrum, og har kulturhus, Ål kulturhus med Hallingrosa, ei utstilling av rosemålingskunst, og ei større permanent Rolf Nesch-utstilling. Her er også sjukestove med base for Norsk Luftambulanse.[2] Avisa Hallingdølen kjem ut på Ål tre dagar i veka.
Sundre var den førande garden i Ål i mange år, og vart sentrum av di både Ål kyrkje, Ål stavkyrkje, og tingstugu vart lagt i dette området. Når lokalkjende hallingar i dag snakkar om Ål sentrum, nyttar dei framleis omgrepet «på Sundre». Folk utanfor dalen brukar gjerne nemninga «på Ål» i same tyding. Sundre er rekna til om lag rett ovanfor Ål kyrkje.
Folkemengd |
Folketalsutvikling på Ål | ||||
|---|---|---|---|---|
| År | Innbyggjarar | |||
| 1920 | 385 | |||
| 1930 | 559 | |||
| 1946 | 842 | |||
| 1950 | 920 | |||
| 1960 | 956 | |||
| 1970 | 1 345 | |||
| 1980 | 1 928 | |||
| 1990 | 2 079 | |||
| 2000 | 2 226 | |||
| 2009 | 2 270 | |||
| 2012 | 2 367 | |||
Kjelder:
| ||||
Kjelder |
↑ «Ål». Store norske leksikon. 13. juli 2017. Henta 15. april 2018.
↑ «Ål – tettstedet». Store norske leksikon. 14. januar 2016. Henta 7. september 2016.