Kosmologisk dikt







Voluspå på eit frimerke frå Færøyane


Kosmologiske dikt (av gresk kosmologia, 'lære om verdsbygnaden') er dikt som fortel om korleis verda vart skapt og utviklar seg. Eit kosmologisk dikt kan òg kallast ein kosmogoni. Det norrøne eddadiktet Voluspá kan tene som døme. Det fortel om korleis gudane, verda, tussane og menneska vart til, korleis verda utvikla seg og gjekk under, og om korleis ho oppstod att for andre gong med ein ny himmel og ei ny jord. Og om den vona som knytte seg til to overlevande menneske, ein mann og ei kvinne, som fekk høve til å byrja heilt på nytt.


Henrik Wergelands dikt Skabelsen, Mennesket og Messias (1830) (og den omarbeidde versjonen Mennesket (1845)), gjerne omtala som verdsdikt, er òg kosmologisk. Wergeland si skapingssoge har henta inspirasjon frå mange kantar, mellom anna frå Bibelen. Det er eit storfelt episk-dramatisk-lyrisk verk. Den verdshistoriske framstillinga hans sprengjer rammene for bibelen, som held seg til soga åt jødefolket. Wergeland vil fortelja om heile menneskja, om «Makt og Bedrag» og om voksteren mot sanning, fridom og kjærleik. Verket i første utforming avsluttar nærast apokalyptisk. Den omarbeidde versjonen endar i ein utopi.



Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva