Idar Handagard
Idar Handagard | |
Fødd | 9. august 1874 |
Død | 11. desember 1959 |
Yrke | botanikar, lege |
Idar Handagard (9. august 1874–11. desember 1959) var lege, botanikar, nynorskforkjempar, fråhaldsagitator og statsstipendiat frå Kristiansund.
Idar Handagard blei født i Kristiansund og voks opp der og i Bergen. Han blei cand.med. i 1905, og fekk i 1907 kongens gullmedalje for ei avhandling om norske plantenamn. Same året fekk han òg ein pris for den fyrste nynorske læreboka i helselære: Mannalikamen og helsa. Denne boka kom med tida i mange opplag.
Forfattarskapen og engasjementet hans omfatta målrørsla, fråhaldssaka og eit venstreorientert standpunkt i fleire samfunnsspørsmål. Han skreiv om og beundra Oscar Nissen, som var leiar av både Det Norske Totalavholdsselskap og Arbeidarpartiet.
Handagard var styremedlem i Studentmållaget frå hausten 1901 til og med hausten 1902.
Han praktiserte aldri som lækjar, men var ein aktiv skribent, og skreiv meir enn 500 bøker og hefter: Doktorboki (1913), Vanlege sjukdomar (1925), engasjerte seg i Grønlandssaka, og skreiv fleire korte diktarbiografiar i serien småskriftar for bokvenner (om Ivar Aasen, Kristofer Janson, Wessel og Henrik Wergeland): Han skreiv òg mange diktsamlingar, og nokre av dikta er tonsette. Verselæra Norsk verselæra blei lenge brukt som lærebok på universitet.
Handagard var lenge og aktivt oppteken av fråhaldssaka, mellom anna gjennom Studentfråhaldslaget i Oslo. Motivasjonen hans var kristenetisk, ålmenetisk og medisinsk. Han skreiv fleire artiklar om fråhaldsrørsla si historie og fråhaldsrørsla sine pionerar. Særleg kan ein nemna litteraturhistoriske verket En samfunns-ide og dens digtere (1915).
Handagard skreiv dikt og bokmeldingar i DNT sitt blad Menneskevennen.
Idar Handagard blei statsstipendiat i 1932.
Litteratur |
Det gamle og det nye aar : nytaarsfantasi i en akt. 1897
Under blaat flag : sange og tendens-digte. 1900- «Fosna-maale : eit norskt bymaal» I: Syn og Segn, 1901
Sang sub rosa og andre digte. 1902
Aalmenne sjukdomar. 1902
Efterglemte sange. 1905
Mannalikamen og helsa. 1907
Livsens leik[dikt]. 1908
I Her-òta[dikt]. 1909
Aasmund Vinje i Staalediktet. 1909
Norsk helselæra. Dei fyrste grunnarne. 1910
Saftbogen : en veiledning for husmødre. 1912
Doktarboki : ei rettleiding fyr folket. 1913
En samfunds-idé og dens digtere. 1915
- Bd 1: Wergeland og Welhaven og deira stilling til ædruelighetsarbeide
- Bd 2: Fem folkedigtere : John Dahl, Ole Sneve, Waldemar Ager, Augusta Abrahamsen, Mauritz Sterner
- Bd 1: Wergeland og Welhaven og deira stilling til ædruelighetsarbeide
Folkesuveræniteten og Grønlandsspørgsmaalet. 1922
Vanlege sjukdomar. 1925
Norsk verslæra. 1932
Danmarks urett og Noregs rett til Grønland . 1932
Victor Hugo. Dei bannstøytte. Umsett av Idar Handagard. 1933 (Les Miserables)
Nye songar og nye salmor. 1938
Rytme og rim : Stutt verslæra : Med ei rytmetavla. 1944
Sambok 90 bøker/hefter av/om ham
- Om han
- Hørven. Lars. Idar Handgard. 1928
- Bakken Ove; Sundet Olav. Idar Handgard - mannen og livsverket hans. Globusforlaget 1944
- Johnsen,H.:Norsk Avholdslitteratur II. Oslo 1954.
- Søraa, Ø: Idar Handagard 85 år. I: Folket 7/8-1959
- Handagard, Sara. Idar Handagard : bibliografi 1893-1956. Oslo, 1988 ISBN 82-991612-0-7
Kjelder |
- Artikkel på bm-wikipedia
- Omtale hjå Forbundet mot rusgift
- Styre i Studentmållaget 1900-2003
|