Posts

Showing posts from March 9, 2019

Sweet Little Sixteen

Image
Sweet Little Sixteen Singel av Chuck Berry B-side «Reelin' and Rockin'» Utgjeve Januar 1958 Sjanger Rock and roll Selskap Chess 1683 Låtskrivar(ar) Chuck Berry Produsent Leonard og Phil Chess Chuck Berry-kronologi «Rock and Roll Music» (1957) Sweet Little Sixteen «Johnny B. Goode» (1958) « Sweet Little Sixteen » er ein rock and roll-song skriven og spelt inn av Chuck Berry, som gav han ut på singel i januar 1958. Han nådde 2. plass på den amerikanske Billboardlista, den høgaste plasseringa Berry nådde bortsett frå «My Ding-A-Ling» som gjekk heilt til topps i 1972. «Sweet Little Sixteen» gjekk òg til topps på R&B Best Sellers-lista. [1] Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 272. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene i 2003. På den oppdaterte lista i 2010 låg han på 277. plass. Teamet i songen er rock and roll og ei særskild jente, som akkurat har fylt seksten år og er

School Days

Image
School Days Singel av Chuck Berry B-side «Deep Feeling» Utgjeve 1957 Sjanger Rock and roll Lengd 2:40 Selskap Chess 1653 Låtskrivar(ar) Chuck Berry Produsent Leonard og Phil Chess Chuck Berry-kronologi «You Can't Catch Me» (1956) School Days «Oh Baby Doll» (1957) « School Days » (òg kjend som « School Day (Ring! Ring! Goes The Bell) ») er ein rock and roll-song skriven av Chuck Berry og gjeven ut på singel av han i 1957. Det er ein av dei best kjende songane hans. Songen dukka seinare opp som første song på det første albumet hans, After School Session . Songstrukturen er ein grunnleggande 12-taktsblues med ein rock and roll-takt. Den elektriske gitaren imiterer vokallinja med ein takts forseinking. Teksten skildrar ein vanleg, kjedeleg skuledag og lykka studenten føler ved å danse på den lokale juke jointen etter skulen. Det siste verset i songen inneheld teksten «Hail, hail rock and roll / Deliver m

Leonard Chess

Leonard Chess Fødenamn Lejzor Shmuel Czyż Verkeleg namn Lejzor Shmuel Czyż Fødd 12. mars 1917 ( 1917-03-12 ) Motal i Polen (i dag Kviterussland) Død 16. oktober 1969 (52 år) Chicago i USA Sjanger Chicago blues, elektrisk blues, blues, rock and roll, R&B, soul Aktive år 1938–1969 Yrke Platedirektør Plateselskap Chess Leonard Chess (12. mars 1917–16. oktober 1969) var ein USA-amerikansk platedirektør som var med på å starte opp Chess Records. Han var viktig i utviklinga av elektrisk blues, Chicago blues og rock and roll. Innhaldsliste 1 Tidleg liv 2 Chess Records 3 Død og ettermæle 4 Kjelder 5 Bakgrunnsstoff Tidleg liv | Chess vart fødd Lejzor Shmuel Czyż i eit jødisk samfunn i Motal i Polen (i dag i Kviterussland). [1] Han og broren, Fiszel, systera Malka, og mora kom til New York i 1928 frå Polen, og dei drog raskt til Chicago og faren hans, Joseph. [2] Familienamnet vart endra til Chess,

Jefferson City

Image
Jefferson City, ved elva Missouri. Missouri State Capitol Building Jefferson City er delstatshovudstad Missouri i USA, og hovudsete i fylket Cole County. Han ligg ved elva Missouri. Byen har 43 079 innbyggjarar (2010). Han er kalla opp etter den tredje presidenten av USA, Thomas Jefferson. Historie | Byen blei peikt ut som ny delstatshovudstad då Missouri blei teken opp som eigen delstat i USA i 1821. Byen var først kalla Lohman's Landing, og eit forslag til nytt namn var «Missouriopolis», før ein blei einige om Jefferson City. Byen blei bygd opp spesielt med tanke på at han skulle vera delstatshovudstad, men fram til regjeringsbygningane stod klare fungerte St. Charles som hovudstad. Då delstatsforsamlinga flytta inn i 1826, budde det berre 31 familiar i byen. I 1833 brann capitol-bygningen, men fem år seinare var ein ny bygning ferdig. [1] Folkesetnad | Folkesetnadsutviklinga i Jefferson City: År Folkesetnad 1840 1 174 1900 9 664 191

Rock and Roll Music

Image
Rock and Roll Music Singel av Chuck Berry frå albumet One Dozen Berrys B-side «Blue Feeling» Utgjeve September 1957 [1] Innspelt 6. eller 15. mai 1957 i Chicago i Illinois [2] Sjanger Rock and roll Lengd 2:30 Selskap Chess 1671 [1] [2] Låtskrivar(ar) Chuck Berry Produsent Leonard Chess, Phil Chess [2] Chuck Berry-kronologi «Oh Baby Doll» (Juni 1957) Rock and Roll Music «Sweet Little Sixteen» (Januar 1958) « Rock and Roll Music » er ein song skriven og opphavleg spelt inn av Chuck Berry. Songen vart ein hit i 1957 og seinare spelt av mange artistar, mellom anna The Beatles og The Beach Boys. [3] Hausten 1957 nådde innspelinga hans sjetteplassen på Billboard si R&B Singles-liste og åttandeplassen på Hot 100-lista. [4] Teksten omhandlar gledene med rock and roll samanlikna med andre musikkstilar og uttrykker at songaren berre vil danse til denne musikkstilen og ingen annan. I 2004 rangerte Rollin

Maybellene

Image
Maybellene Singel av Chuck Berry B-side «Wee Wee Hours» Utgjeve Juli 1955 Innspelt 21. mai 1955 Chess Records, Chicago Sjanger Rock and Roll Lengd 2:22 Selskap Chess 1604 Produsent Leonard Chess Chuck Berry-kronologi -- Maybellene «Thirty Days» (1955) « Maybellene » er ein song av Chuck Berry som fortel ei soge om eit hot rod-løp og eit øydelagd kjærleiksforhold. Han vart gjeven ut på singel i juli 1955 på Chess Records frå Chicago. [1] Dette var den første singelen Berry gav ut og den første hitten hans. «Maybellene» er rekna som ein av pioner-songane innan rock and roll og musikkmagasinet Rolling Stone har sagt at «rock and roll-gitar starta her» [2] I 1955 gjekk songen til femteplass på Billboard-lista og til førsteplass på R&B-lista i USA. Berry var den første afroamerikanske artisten som nådde Topp 10 i USA med ein rock and roll-singel. [3] Tittelen vert ofte feilskriven som «Maybelline», sjølv p