Absolutt storleiksklasse




Absolutt storleiksklasse (absolutt magnitude) blir nytta i astronomien til å
klassifisere stjernene etter lysstyrke. Ei stjerne si absolutte
storleiksklasse er eit tal M{displaystyle M}, som ein kan rekne ut når
ein kjenner til stjerna si tilsynelatande storleiksklasse m{displaystyle m}
og kor langt borte ho er. Dersom stjerna si avstand frå solsystemet vårt
uttrykt i parsecs er p{displaystyle p}, så er samannhengen mellom
absolutt og tilsynelatende storleiksklasse gjeve ved formelen:


 M=m+5−5∗lg⁡(p),{displaystyle M=m+5-5*lg(p),}


der lg{displaystyle lg } står for logaritmen med grunntal 10.


Grunnen til at logaritmen opptrer, er at storleiksklasseomgrepet
ikkje direkte uttrykker lysstyrken i Watt, men held seg
til denne via ein logaritmisk skala, slik at storleiksklasseskalaen
mest mogleg skal følgje loven om korleis auget naturleg vurderer
synsinntrykk av ulik styrke.


Ei stjerne si absolutte storleiksklasse er ikkje anna enn det
stjerna si tilsynelatande storleiksklasse ville vore, dersom
ho vart observert frå ein standard avstand på 10 parsec.


Andre norske namn for absolutt storleiksklasse er absolutt storleik,
og absolutt lysstyrke. På fransk heiter det «magnitude absolue»,
på tysk «absolute Helligkeit», på engelsk «absolute magnitude»
og på nederlandsk «absolute helderheid».



Døme |


Polarstjerna har tilsynelatande storleiksklasse 2,m12
og stjerna sin avstand frå solsystemet vårt er 460 lysår, det tilsvarer 141 parsec.
Den absolutte storleiksklasse til Polarstjerna blir då  2,12+5−5∗lg⁡(141){displaystyle 2,12+5-5*lg(141)},
d.v.s. M={displaystyle M=} -3,m6.



Kjelde |


Wikipedia på riksmål/bokmål







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva