Rock and Roll Music
Rock and Roll Music Singel av Chuck Berry frå albumet One Dozen Berrys | ||
B-side | «Blue Feeling» | |
---|---|---|
Utgjeve | September 1957[1] | |
Innspelt | 6. eller 15. mai 1957 i Chicago i Illinois[2] | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 2:30 | |
Selskap | Chess 1671[1][2] | |
Låtskrivar(ar) | Chuck Berry | |
Produsent | Leonard Chess, Phil Chess[2] | |
Chuck Berry-kronologi | ||
«Oh Baby Doll» (Juni 1957) | Rock and Roll Music | «Sweet Little Sixteen» (Januar 1958) |
«Rock and Roll Music» er ein song skriven og opphavleg spelt inn av Chuck Berry. Songen vart ein hit i 1957 og seinare spelt av mange artistar, mellom anna The Beatles og The Beach Boys.[3] Hausten 1957 nådde innspelinga hans sjetteplassen på Billboard si R&B Singles-liste og åttandeplassen på Hot 100-lista.[4]
Teksten omhandlar gledene med rock and roll samanlikna med andre musikkstilar og uttrykker at songaren berre vil danse til denne musikkstilen og ingen annan.
I 2004 rangerte Rolling Stone Berry sin versjon på 128. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[5]Songen er òg med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.[6]
Just let me hear some of that rock and roll music Chuck Berry |
Innhaldsliste
1 Chuck Berry-versjonen
2 The Beatles version
2.1 Medverkande
3 The Beach Boys-versjonen
3.1 Medverkande
4 Lister
4.1 Vekeslister
4.2 Årslister
5 Andre versjonar
6 Kjelder
7 Bakgrunnsstoff
Chuck Berry-versjonen |
Innspelinga til «Rock and Roll Music» fann stad 6. eller 21. mai 1957 i Chicago i Illinois. Innspelinga vart produsert av Leonard Chess og Phil Chess. Berry vart akkompagnert av Lafayette Leake (piano), Willie Dixon (bass) og Fred Below (trommer).[2]
Ei stund etter singelen kom ut i september 1957,[1] nådde «Rock and Roll Music» sjetteplassen på Billboard si R&B Singles-liste og åttandeplassen på Billboard Top 100-lista før året var omme.[4]
The Beatles version |
Rock and Roll Music Song av The Beatles frå albumet Beatles for Sale | ||
Utgjeve | 4. desember 1964[7] | |
Innspelt | 18. oktober 1964 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 2:30 | |
Selskap | Parlophone | |
Låtskrivar(ar) | Chuck Berry | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
The Beatles framførte songen på mange av dei tidlege konsertane sine i Hamburg, og på BBC-showet Pop Go The Beatles. Seint i 1964, då bandet var slitne etter lange turnear og innspelingar, mangla dei nye songar og valte å spele inn somme av dei gamle rock and roll- og rhythm and blues-favorittane sine for å få nok songar til albumet Beatles for Sale. Blant desse var Berry-songen som vart nesten like kjend i deira versjon som originalen. John Lennon song vokal på Beatles-versjonen. I motsetnad til den jamne vokalen til Berry, song Lennon songen så høgt og dynamisk som røysta hans kunne tole. I USA vart songen gjeven ut på albumet Beatles '65. Songen var ein del av konsertsongane deira fram til den siste turneen deira i 1966.
Songen var òg tittelspor på samlealbumet Rock 'n' Roll Music.
The Beatles sin versjon av «Rock and Roll Music» vart gjeven ut på singel i somme land, og toppa salslistene i Finland, Noreg (tre veker[8]), Nederland (dobbel a-side med «No Reply») og Australia.
Medverkande |
John Lennon, vokal, rytmegitar
Paul McCartney, bass
George Harrison, elektrisk gitar
Ringo Starr, trommer
George Martin, piano
- Medverkande i følgje The Beatles Bible[9]
The Beach Boys-versjonen |
Rock and Roll Music Singel av The Beach Boys frå albumet 15 Big Ones | ||
B-side | «T M Song» | |
---|---|---|
Utgjeve | 24. mai 1976 | |
Innspelt | 1976 | |
Sjanger | rock | |
Lengd | 2:29 | |
Selskap | Brother/Reprise | |
Låtskrivar(ar) | Chuck Berry | |
Produsent | Brian Wilson | |
The Beach Boys-kronologi | ||
«Sail On, Sailor» (1975) | Rock and Roll Music | «It's O.K.» (1976) |
På The Beach Boys-versjonen vart det brukt korvokal som repeterte linja «Rock, roll, rockin' and roll.» Det er ein skilnad mellom versjonen dei gav ut på singel og versjonen dei gav ut på album. På albumversjonen var det meir synthesizer. Versjonen deira nådde femteplassen på den amerikanske singellista og 11. plassen i Canada sommaren 1976.[10]
Medverkande |
Mike Love, solovokal
Brian Wilson, orgel, piano, Moog bass, synthesizer
Dennis Wilson, trommer, vokal
Carl Wilson, vokal
Al Jardine, vokal- Mike Altschol, saksofon, klarinett
- Ed Carter, gitar
Steve Douglas, saksofon
Dennis Dreith, saksofon, klarinett
Gene Estes, perkusjon
Billy Hinsche, gitar- John J. Kelson, Jr., saksofon, klarinett
- Carol Lee Miller, autoharpe
- Jack Nimitz, saksofon, klarinett
Lister |
|
Liste (1976) | Plassering |
---|---|
Australia | 35 |
Canada RPM Top Singles[11] | 11 |
UK | 36 |
US Billboard Hot 100[12] | 5 |
US Cash Box Top 100[13] | 11 |
Årslister |
Liste (1976) | Rank |
---|---|
Canada[14] | 112 |
US Billboard Hot 100[15] | 81 |
Andre versjonar |
Songen er blitt spelt inn av mange kjende artistar, som Bill Haley & His Comets, Dickie Rock and the Miami Showband, REO Speedwagon, Mental As Anything, Humble Pie, Manic Street Preachers og Bryan Adams. Berry spelte songen 16. desember 1957 på det kortvarige varietéshowet The Guy Mitchell Show.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Rock and Roll Music» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2008.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ 1,01,11,2 Rudolph, Dietmar. «A Collector's Guide to the Music of Chuck Berry: The Chess Era (1955–1966)». Henta December 4, 2010.
↑ 2,02,12,22,3 Anthology (CD liner). Chuck Berry. USA: Geffen Records/Chess Records. 2005. s. 21, 27. 0602498805589.
↑ «Chuck Berry: Music Biography, Credits and Diskografi». AllMusic. 1926-10-18. Henta 2014-06-13.
↑ 4,04,1 «Chuck Berry: Billboard Singles». Allmusic. Rovi. Henta 27. juni 2017.
↑ Jann S. Wenner, red. (December 9, 2004). «The 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone (USA) (963). Arkivert frå originalen 22. juni 2008.
↑ «The 500 Songs That Shaped Rock and Roll». Rock and Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen 1. juli 2017.
↑ Howlett, Kevin; Mike Heatley (2008). «Beatles for Sale - Historical Notes». Beatles for Sale (CD liner). The Beatles. Capitol. s. 16. 0946 3 82414 2 3.
↑ VG-lista
↑ «The Beatles Bible: Rock and Roll Music». Henta 2009-04-15.
↑ http://www.bac-lac.gc.ca/eng/discover/films-videos-sound-recordings/rpm/Pages/image.aspx?Image=nlc008388.4299a&URLjpg=http%3a%2f%2fwww.collectionscanada.gc.ca%2fobj%2f028020%2ff4%2fnlc008388.4299a.gif&Ecopy=nlc008388.4299a
↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Missing or empty|url=
(hjelp);|access-date=
requires|url=
(hjelp)
↑ Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
↑ Cash Box Top 100 Singles, July e1, 1976
↑ «Top Singles – Volume 26, No. 14 & 15, January 08 1977». RPM. Library and Archives Canada. Henta January 22, 2016.
↑ Musicoutfitters.com
Bakgrunnsstoff |
Heile songteksten på MetroLyrics
Føregangar «Fröken Fräken» Sven-Ingvars | Toppen av VG-lista The Beatles Veke 12–14 1965 | Etterfylgjar «The Last Time» The Rolling Stones |
130: «Born to Be Wild» Steppenwolf | Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene 129 «Rock & Roll Music» | 128: «Changes» David Bowie |
Chuck Berry | |
---|---|
Studioalbum | After School Session (1957) · One Dozen Berrys (1958) · Chuck Berry Is on Top (1959) · Rockin' at the Hops (1960) · New Juke Box Hits (1961) · Two Great Guitars (med Bo Diddley) (1964) · St. Louis to Liverpool (1964) · Chuck Berry in London (1965) · Fresh Berry's (1965) · Chuck Berry's Golden Hits (1967) · Chuck Berry in Memphis (1967) · From St. Louie to Frisco (1968) · Concerto in «B Goode» (1969) · Back Home (1970) · San Francisco Dues (1971) · The London Chuck Berry Sessions (1972) (Side 1) · Bio (1973) · Chuck Berry (1975) · Rock It (1979) · Chuck (2017) |
Konsertalbum | Chuck Berry on Stage (1963) · Live at the Fillmore Auditorium (1967) · The London Chuck Berry Sessions (1972) (Side 2) · Chuck Berry Live in Concert (1978) · Hail! Hail! Rock 'n' Roll (1987) · Live! (2000) · Live on Stage (2000) · Chuck Berry – In Concert (2002) |
Samlealbum | Rock, Rock, Rock (1956) · Chuck Berry Twist (1962) · Chuck Berry's Golden Decade (1967, 1973, 1974) · The Great Twenty-Eight (1982) · The Chess Box (1988) · The Anthology (2000) · Volume 2 (1995) |
Hitsinglar | «Maybellene» / «Wee Wee Hours» (1955) · «Roll Over Beethoven» / «Drifting Heart» (1956) · «Too Much Monkey Business» / «Brown Eyed Handsome Man» (1956) · «School Days» / «Deep Feeling» (1957) · «Rock and Roll Music» / «Blue Feeling» · «Sweet Little Sixteen» / «Reelin' and Rockin'» (1958) · «Johnny B. Goode» / «Around and Around» (1958) · «Almost Grown» / «Little Queenie» (1959) · «Back in the U.S.A.» / «Memphis, Tennessee» (1959) · «Nadine» (1964) · «No Particular Place to Go» (1964) · «My Ding-a-Ling» (1972) |
Andre artiklar | Diskografi · Chuck Berry House · Hail! Hail! Rock 'n' Roll |
Kategori |
Mal:The Beach Boys-singlar