Ombo
Ombo | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Ryfylke i Boknafjorden |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Areal | 58 km²
|
Høgaste punkt | Bandåsen (511 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Rogaland
|
Ombo er ei øy i Ryfylke. Øya ligg i Boknafjorden og er den nest største i Rogaland. Ombo er delt mellom kommunane Hjelmeland og Finnøy og ligg nordom Randøy. Ombofjorden ligg mellom Ombo i vest, som fjorden er kalla opp etter, og Jøsneset på fastlandet i aust. Det høgaste punktet på øya er Bandåsen på 511 moh.
Ombo har fleire småsteder, blant anna Jørstadvåg, Tuftene, Skipavik, Skår, Vestersjø, Atlatveit og Eidssund.
Etter at vegen på Ombo vart bygd vart ein særegen fjellformasjon synleg frå den nye vegen. Fjellformasjonen ser ut som eit andlet og vart opphavleg kalla Adam. Blant dei lokale innbyggjarane er denne òg kalla for «Ombo-Gubben».
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|