Tommy av The Who












































Tommy
Studioalbum av The Who


Utgjeve
23. mai 1969

Innspelt
19. september 1968 – 7. mars 1969, IBC Studios i London

Sjanger

Rock

Lengd
74:00

Selskap

Track, Polydor

Produsent

Kit Lambert
Kritikk



  • Allmusic 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg lenkje


  • PopMatters 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg 2004


  • Rolling Stone 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg



The Who-kronologi

The Who Sell Out
(1967)

Tommy

Who's Next
(1971)




Tommy er det fjerde albumet til det engelske rockebandet The Who. Det kom ut i 1969 på Track og Polydor i Storbritannia og Decca og MCA i USA. Albumet er eit dobbeltalbum som fortel soga om ein døv, stum og blind gut som vert leiaren av ei messiasrørsle. Albumet var det første som vart kalla ein rockeopera og er nesten utelukkande komponert av gitaristen Pete Townshend. I 1998 vart albumet innlemma i Grammy Hall of Fame.




Innhaldsliste






  • 1 Oversikt


    • 1.1 Karakterar


    • 1.2 Soga i kronologisk rekkefølgje


    • 1.3 Analyse og historie




  • 2 Ettermæle


  • 3 Utgåver


  • 4 Innhald


    • 4.1 Deluxe-utgåva




  • 5 Konsertutgåver


  • 6 Andre format


    • 6.1 Operaproduksjon i Seattle i 1971


    • 6.2 Orkesterutgåve 1972


    • 6.3 Filmutgåva


    • 6.4 Musikalutgåve frå 1993




  • 7 Medverkande


  • 8 Kjelder


  • 9 Bakgrunnsstoff





Oversikt |


Operaen vart skriven for å uttrykke kva Townshend følte etter å ha gått i lære hos Meher Baba og oppvekkinga han meinte han hadde fått - «ei metaforisk soge om forskjellige medvitstilstandar»[1]



Karakterar |



  • Tommy Walker: Hovudkarakteren i soga, som albumet er kalla opp etter.

  • Captain Walker: Far til Tommy

  • Mrs. Walker: Mor til Tommy. (Ho heiter Nora i filmutgåva)

  • The Lover: Elskaren til mor til Tommy (onkel Frank Hobbs i filmutgåva)

  • Uncle Ernie: Den «onde onkelen», ein pedofil.

  • Kevin: Fetteren til Tommy, ein sadistisk «skulebølle» som gjer stygge ting med Tommy når dei er heime aleine.

  • The Hawker: Leiaren av ei sekt der mor til Tommy tar han med seg i håp om å kurere han mot plagene hans.

  • Local Lad: Den regjerande meisteren i ein flipperturnament, fram til Tommy slår han og tar over tittelen «Pinball Wizard». (Denne karakteren vart slått saman med Cousin Kevin for Broadway-utgåva.)

  • The Acid Queen (òg kjend som «The Gypsy»): Ei prostituert som handlar med hallusinogen og som prøver å kurere Tommy.

  • The Doctor: Ein lege som prøver å kurere Tommy og finn ut at plagene til Tommy er mentale og ikkje fysiske.

  • Sally Simpson: Ein av «disiplane» til Tommy.



Soga i kronologisk rekkefølgje |



  • «Overture»/«It's a Boy» - Kaptein Walker i den britiske hæren vert rapportert sakna under den første verdskrigen og er ikkje venta å kome heime att. Kort tid etter får Mrs. Walker meldinga og føder sonen deira, Tommy. I filmutgåva er Captain Walker ein pilot i Royal Air Force

  • «1921» - Om lag fire år seinare. Kaptein Walker kjem heim att og oppdager at kona har fått ein ny kjæraste. Kaptein Walker konfronterer dei to og tar livet av kjærasten (som Tommy fram til då hadde trudd var faren). Tommy er vitne til dette gjennom ein spegel. For å dekke over drapet seier dei til Tommy at han ikkje såg det, ikkje høyrde det og ikkje vil sei noko om det til nokon for resten av livet sitt. Den traumatiserte Tommy vert døv, stum og blind. I filmutgåva er dette snudd på hovudet og kjærasten tar livet av Captein Walker.

  • «Amazing Journey»/«Sparks» - Undermedvitet til Tommy viser seg for han som ein høg framand i sølvkappe og dette synet fører han ut på ei indre, andeleg reise der han lærer å tolke alle fysiske kjensler som musikk.

  • «Eyesight to the Blind (The Hawker)» - Foreldra til Tommy tar han med til kyrkja i ei sekt for å kurere han. «Eyesight...» er songen til sektleiaren.

  • «Christmas» - Når det nærmar seg jul vert foreldra til Tommy redde for at Tommy skal verte fordømd, sidan han ikkje er klar over verken Jesus eller bøn.

  • «Cousin Kevin» - Foreldra til Tommy vert sjølvtilfredse og lèt Cousin Kevin ta seg av Tommy. Han tyranniserer og torturerer Tommy utan frykt for at nokon skal finne det ut. Til slutt gidd han ikkje meir sidan Tommy ikkje reagerer stort.

  • «Acid Queen»/«Underture» - Foreldra til Tommy prøver å kurere han ein gong til, denne gongen ved å plassere han hos ei kvinne som prøver å lokke Tommy til fullt medvite med hallusinogen og sex. «Underture» er ein lang instrumental som representerer Tommy påverka av syre.

  • «Do You Think It's Alright?»/«Fiddle About» - Tommy vert overlaten til onkel Ernie, ein alkoholikar og barnemishandlar som nyttar høve til å mishandle Tommy utan frykt for å verte oppdaga.

  • «Pinball Wizard» - Det vert oppdaga at Tommy har talent for flipperspel og han slår raskt turneringsmeisteren. Tommy vert slik ein internasjonal kjendis. «Pinball Wizard» er songen til den regjerande meisteren.

  • «There's a Doctor»/«Go to the Mirror» - Foreldra til Tommy finn ein medisinsk spesialist for å prøve og forstå og kurere symptoma. Etter mange prøvar får dei beskjed om at det ikkje er noko medisinsk gale med han og at problema er psykosomatiske. Samstundes med at dei prøver å nå han, prøver undermedvitet til Tommy å nå ut til dei.

  • «Tommy Can You Hear Me?»/«Smash the Mirror» - Mor til Tommy prøver framleis å nå han og vert frustrert over at han totalt ignorerer ho medan han stirer mot ein spegel. Ut av frustrasjonen knuser ho spegelen.

  • «Sensation»/«Miracle Cure» - Når spegelen vert knust kjem Tommy brått tilbake til det verkelege livet. Tommy vert ein offentleg sensasjon og oppnår ein guru-liknande status. Han tar så på seg rolla som ein slags messiasfigur og leiar tilhengjarane sine til ei liknande oppvakning som han hadde.

  • «Sally Simpson» - Ein av disiplane til Tommy, Sally, er ei prestedotter som snik seg heimanfrå for å delta på ein av preikene til Tommy. Ho prøver til slutt å ta på han, men vert kasta frå scenen av vaktene og får eit sår i andletet.

  • «I'm Free» - Tommy prøver å opplyse dei som høyrer på preika hans andeleg. Alle seinare utgåver (bortsett frå Live at Leeds) plasserer denne songen like etter «Smash the Mirror» som ein direkte reaksjon på kureringa hans.

  • «Welcome»/«Tommy's Holiday Camp» - Tommy opnar heimen sin til alle som vil slå seg saman med han og ber innstendig alle om å ta med seg så mange folk som dei kan. Huset hans vert rask fullt, så han byggjer ein ferieleir for å ta imot alle saman. Onkel Ernie driv leirene og det vert antyda at han gjer dette for å tene pengar og ikkje for at folk skal verte andeleg opplyste.

  • «We're Not Gonna Take It» - Tommy krev at tilhengjarane hans speler flipperspel og gjer seg sjølv døv, blind og stum for å nå det høgaste andelege nivået sitt, men då dei vert utnytta av familien hans, gjer dei i staden opprør. Tommy vert forlaten av tilhengjarane sine og oppnår ei ny oppvekking.


I den opphavlege albumutgåva er soga ganske spreidd og detaljane i soga vert ofte gjevne i ettertid av Townshend i diverse intervju. Etter kvart som soga kom i andre format vart detaljane utfylte, men stundom noko endra på.



Analyse og historie |


Tommy kom ut var kritikarane delte mellom dei som meinte albumet var eit meisterverk og starten på ein ny sjanger, og dei som meinte det var kynisk på grunn av det mørke temaet. Albumet vart bannlyst av BBC og visse amerikanske radiostasjonar, men oppnådde likevel stor suksess, og det same gjorde konsertutgåvene til The Who i åra etter. Albumet og konsertane som følgde tok The Who til eit nytt nivå som internasjonale rockestjerner.[2]


Sjølv om Tommy ofte vert skildra som ein rockeopera, så skriv forfattar Richard Barnes at denne definisjonen ikkje er heilt korrekt, sidan Tommy ikkje syner den klassiske operaformelen med sceneframføring, kulissar, skodespel og resitativ. I følgje Barnes vil det vere meir korrekt å kalle Tommy ein «rockekantate» eller ein «rockesongsyklus». Han lignar mest eit oratorium (t.d. Händel sin «Messias») i forma, sidan han inneheld instrumentalar, kor- og soloseksjonar, ingen kulissar, kostyme eller koreografi. Eit motargument til Barnes er at nye operaer ofte òg manglar nokre av faktorane som definerer klassiske operaer.


Musikalsk er albumet ei samansett samling av poprock-songar, generelt basert på den akustiske gitaren til Townshend og bygd opp med mange lydlag og instrument spelt av dei fire medlemmene i bandet, som bassgitar, elektrisk og akustisk gitar, piano, orgel, trommer, gongong, pauker, trompet, valthorn, tredelte vokalharmoniar og stundom dobbel solovokal. Mange av instrumenta dukkar berre opp her og der, som i den ti minuttar lange «Underture» som inneheld berre eit enkelt tut frå eit horn, og mange instrument ligg lågt i miksen. Townshend blandar fingerplukking med powerakkordane som han var kjend for og fyldige riff. Ein liten forsmak på den seinare interessa hans for synthesizerar viser seg på «Amazing Journey» der det er nytta innspelte lydar spelt av baklengs for å få ein plystrande lyd.


Spora «Overture», «Pinball Wizard», «I'm Free» og reprisen «See Me, Feel Me / Listening to You» vart gjevne ut som singlar og vart radiohittar. «Pinball Wizard» nådde Topp 20 i USA og Topp 5 i Storbritannia, og vart ein hit for Elton John i 1975/76 (som spelte rolla som flipperspelmeisteren i filmen). «See Me, Feel Me / Listening To You» gjekk òg inn på Topp 20 i USA, medan «I'm Free» nådde Topp 40. Spora «Overture», «Christmas», «I’m Free» og «See Me Feel Me» vart gjevne ut på ein EP seint i 1970. «Overture» vart òg spelt inn av bandet The Assembled Multitude og vart ein del spelt på radio. Tommy vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1998.


Fleire musikalske smakebitar dukka opp i andre songar før Tommy vart skapt. Dette var songar som «Glow Girl» (1968), «Rael» (1967) og «A Quick One While He's Away» (1966), som bestod av fleire musikalske stykke. I 2004 gav Uncut ut ein CD kalla The Roots of Tommy som inneheldt musikk dei hevda påverka komponeringa av Tommy. Av songar som finst her er bluessongar som Townshend inkluderte eller spelte ved andre høve, som Mose Allison sin «A Young Man» og Sonny Boy Williamson sin «Eyesight to the Blind», samt The Pretty Things sin «S.F. Sorrow Is Born», materiale frå Mark Wirtz sin A Teenage Opera og musikk av band som The Zombies, The Jimi Hendrix Experience, Nirvana, The Kinks og varitékomikaren Max Miller, som visstnok inspirerte til karakteren Uncle Ernie.


Eit år før albumet kom ut forklarte Townshend ideen sin og tenkte faktisk ut delar av strukturen til operaen under eit kjend intervju i Rolling Stone. John Entwistle hevda fleire år seinare at han faktisk aldri hadde høyrt heile albumet fordi han var så lei av dei mange opptaka som måtte til av songane.



Ettermæle |


I 2003 vart albumet rangert på 96. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. Albumet vart rangert på 90. plass på VH1 si liste over dei 100 største rockealbuma og det er nemnd i boka 1001 albums You Must Hear Before You Die («1001 album du må høyre før du døyr»).[3]NME plasserte albumet på 16. plass på «NME Writers All Time Top 100»" i 1974.[4]Q rangerte det på 9. plass på lista deira over «Musikken som endra verda: Del ein 1954-1969» i 2004.[5]



Utgåver |


Tommy vart opphavlege gjeve ut som eit dobbeltalbum på vinyl i eit tynt hefte som inneheldt tekst og illustrasjonar i eit utbrettsomslag.


MCA gav ut albumet på ein dobbel-CD i 1984. Mobile Fidelity Sound Lab gav seinare ut ei enkelplate på ei gulldekt Ultradisc i Original Master Recording-serien deira, med eit alternativt opptak av «Eyesight to the Blind». MCA gav ut ein nymiksa utgåve på enkel CD i 1996. Denne utgåva inneheldt instrumentalbitar som ikkje var gjevne ut tidlegare, mellom anna cymbalar på «The Acid Queen».


I dag finst Tommy i ei ein deluxe dobbeldisk hybrid SACD med 5.1 multi-kanalmiks. Dette vart gjort med hjelp av masterteipane som ein lenge trudde hadde gått tapt. Då «Tommy» først vart gjeven ut vart det nytta ein «mjukare» mastertape med ekkoeffektar og doble vokalharmoniar. Den meir berre mastertapen som vart funne skal ha hatt ein varmare og meir naturleg lyd som gav ei meir «live» kjensle. Mange kritikarar har utpeikt denne utgjevinga som den definitive utgåva. Nymastringa vart gjort i samarbeid med Towhsnehd og inneheld òg nokre unytta songar og andre spor som vart spelt inn under innspelinga av Tommy. Songen «Dogs-Part 2» hadde tidlegare berre vore tilgjengeleg som B-sida til singelen «Pinball Wizard» samt samleplata Two's Missing frå 1987.



Innhald |



Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde. 










































Side ein
# Tittel Lengd
1. «Overture»   5:21
2. «It's a Boy»   0:38
3. «1921»   2:49
4. «Amazing Journey»   3:25
5. «Sparks»   3:46
6. «Eyesight to the Blind (The Hawker)» (Williamson)
2:13































Side to
# Tittel Lengd
7. «Christmas»   4:34
8. «Cousin Kevin» (Entwistle)
4:07
9. «The Acid Queen»   3:34
10. «Underture»   10:09



















































Side tre
# Tittel Lengd
11. «Do You Think It's Alright?»   0:24
12. «Fiddle About» (Entwistle)
1:29
13. «Pinball Wizard»   3:01
14. «There's a Doctor»   0:23
15. «Go to the Mirror!»   3:49
16. «Tommy, Can You Hear Me?»   1:36
17. «Smash the Mirror»   1:35
18. «Sensation»   2:27









































Side fire
# Tittel Lengd
19. «Miracle Cure»   0:12
20. «Sally Simpson»   4:12
21. «I'm Free»   2:40
22. «Welcome»   4:34
23. «Tommy's Holiday Camp» (Moon)
0:57
24. «We're Not Gonna Take It» / «See Me, Feel Me»   7:08


  • På nokre utgåver av albumet er tittelen på «1921» endra til «You Didn't Hear It» Nokre vinylutgåver hadde begge titlar.

  • På den siste nymastringa er «See Me, Feel Me» eit eige spor.

  • «Tommy's Holiday Camp» vart òg skriven Townshend. Keith Moon vart tilskriven fordi han kom på ideen om ein ferieleir i konseptet.



Deluxe-utgåva |


I 2003 vart Tommy gjeven ut i ei deluxe-utgåva som ein Hybrid SACD og DVD-audio. Dei to formata av albumet vart miksa i 5.1 kringlyd og begge inneheldt ei bonusplate med «unytta opptak og demoar» DVD-Audio-utgåva inneheldt og eit videointervju med Pete Townshend, samt ein demonstrasjon av korleis den originale innspelinga vart miksa i 5.1-lyd.


Dei første tolvspora er unytta songar og demoar, og dei sist efem er stereo-demoear.



Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde. 



















































































# Tittel Lengd
1. «I Was»   0:17
2. «Christmas» ((Outtake 3))
4:43
3. «Cousin Kevin Model Child»   1:25
4. «Young Man Blues» (Version 1) (Allison)
2:51
5. «Tommy Can You Hear Me?» (alternate version)
1:59
6. «Trying to Get Through»   2:51
7. «Sally Simpson»   4:09
8. «Miss Simpson»   4:18
9. «Welcome» (Take two)
3:44
10. «Tommy's Holiday Camp» (band's version)
1:07
11. «We're Not Gonna Take It» (alternate version)
6:08
12. «Dogs, Part Two» (Moon)
2:26
13. «It's a Boy»   0:43
14. «Do You Think It's Alright?»   0:28
15. «Pinball Wizard»   3:46


Konsertutgåver |


The Who spelte ofte Tommy på konsertar i åra etter han kom ut, men sjeldan i same form som på albumet. I staden endra dei noko på rekkefølgja og utelet nokre songar heilt. Fire spor som aldri vart spelt av The Who på den første turneen med albumet var «Cousin Kevin», «Underture», «Sensation» og «Welcome».


Ei konsertinnspeling av Tommy finst på Deluxe Edition av konsertalbumet Live at Leeds frå 1970, samt den offisielle utgåva av Live at the Isle of Wight Festival 1970 frå same periode. Sistnemnde kom ut i 1996.


The Who spelte heile Tommy under Woodstock festival i 1969, seint på natta. Då Roger Daltrey starta å synge «See Me, Feel Me», steig sola opp over horisonten. John Entwistle, bassisten, spøkte seinare at «Gud var lysmannen var».


The Who spelte òg Tommy på 20-årsjubileet for albumet under gjenforeiningsturneen deira i 1989. Dei spelte då «Cousin Kevin» og «Sensation» men utelet framleis «Underture» og «Welcome». Opptak frå denne turneen finst på konsertalbumet Join Together og Tommy and Quadrophenia Live with Special Guests DVD. Los Angeles-utgåva av dette showet hadde med spesielle gjester som Phil Collins (Uncle Ernie), Patti LaBelle (Acid Queen), Steve Winwood (Hawker), Elton John (Pinball Wizard) og Billy Idol (Cousin Kevin).



Andre format |



Operaproduksjon i Seattle i 1971 |


I 1971 sette Seattle Opera under regissør Richard Pearlman den første fullskala profesjonelle produksjonen av Tommy. Produksjonen var mellom anna med Bette Midler i rolla som The Acid Queen.[6]



Orkesterutgåve 1972 |


9. desember 1972 presenterte Lou Reizner ei konsertutgåve av Tommy i Rainbow Theatre i London. Konserten var med The Who samt fleire gjesteartistar. Orkesteret var London Symphony Orchestra dirigert av David Measham. Det vart halde to konsertar denne kvelden for å støtte opp om den nye symfoniske innspelinga Reizner hadde gjort av Tommy.


Gjesteartistane på både plate og album var Maggie Bell, Sandy Denny, Steve Winwood, Rod Stewart, Richie Havens og Ringo Starr. Pete Townshend spelte òg noko gitar, men elles var musikken i hovudsak spelt av symfoniorkesteret. Richard Harris snakkesong rolla som spesialisten på plata, men vart bytta ut med Peter Sellers for sceneutgåva.


Studioutgåva av denne orkesterversjonen av Tommy vart gjeven ut i ein overdådig boks med nye illustrasjonar og bilete, som nytta flipperkula som hovudmotivet. Designarane Wilkes og Braun vann Grammyprisen i 1974 for beste albuminnpakning.


Orkesterutgåva vart spelt fleire gongar i 1973.



Filmutgåva |


I 1975 vart det laga film av Tommy, produsert av Robert Stigwood og regissert av Ken Russell. I filmen spelte Daltrey rolla som Tommy og dei andre medlemmene deltok i forskjellige småroller. Andre skodespelarar i filmen var Ann-Margret som mor til Tommy, Oliver Reed som kjærasten, smt fleire cameoroller av Elton John, Tina Turner, Eric Clapton, Arthur Brown og Jack Nicholson.


Tommy var ein av dei første musikkfilmane som vart gjeven ut i fleirkanals hi-fi-lyd (kalla «quintaphonic sound») og i mange kinosalar vart det sett opp konserthøgtalarar i samband med visinga.


Filmen fekk blanda kritikk, men vart ein stor kommersiell suksess og har i dag oppnådd status som kultfilm. Townshend omarbeidde historia for filmen, og fylte ut historia der det var behov for det. I tillegg la han handlinga til etter den andre verdskrigen. I tillegg var det faren som vart drepen av kjærasten til mor til Tommy i filmen og ikkje omvendt, som på albumet.


Townshend overvakte òg produksjonen av eit nytt dobbeltalbum med musikk frå filmen. Mange studiomusikarar spelte på denne utgåva, som Caleb Quaye og John «Rabbit» Bundrick. Sidan Keith Moon var oppteken med filmen Stardust, spelte Kenney Jones trommer på det meste av albumet. Songen «Pinball Wizard» vart ein stor hit då han kom ut som singel, framført av Elton John og bandet hans. I filmen kan ein derimot sjå Elton John i lag med The Who.



Musikalutgåve frå 1993 |


Hovudartikkelen for dette emnet er The Who's Tommy.

I 1993 produserte Townshend og La Jolla Playhouse ein Broadwaymusikal av Tommy. Produksjonen fekk tittelen The Who's Tommy og inneheldt ein ny song av Townshend («I Believe My Own Eyes») og fleire omskrivingar av teksten. Showet fekk blanda kritikk.



Medverkande |


The Who



  • Roger Daltrey – vokal, munnspel, tamburin


  • John Entwistle – bassgitar, blåsarar, vokal


  • Pete Townshend – gitarar, banjo, tangentinstrument, vokal


  • Keith Moon – trommer, perkusjon, vokal


Andre musikarar



  • Paul Townshend – korvokal


  • Simon Townshend – korvokal



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Tommy (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juni 2009.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Richard Barnes, CD-innlegg frå 1996-utgåva


  2. http://www.thewho.net/articles/townshen/tom_ln.htm


  3. Outline Page


  4. NME Writers All Time albums 1993, 1985 & 1974


  5. Music That Changed The World


  6. Seattle Times







Bakgrunnsstoff |



  • Tekstar


  • Manus og lydfiler frå Broadway-showet på den offisielle sida til Michael Cerveris


Fleire intervju der Pete Townshend har kommentert konseptet og tydinga av Tommy:



  • Rolling Stone-intervju (av Jann Wenner) (1968)


  • Pete and Tommy, among others av Rick Sanders & David Dalton -- Rolling Stone (no. 37, 1969)

  • Intervju med Pete Townshend i Manchester Arena i England, 1996, av Stephen Gallagher (British Youth & Popular Culture Editor, Ubu).

  • The Who's Tommy on the Tony telecast

  • Kritikk

  • Tommy - song for song





















Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva