Manuela Di Centa
















Manuela Di Centa

Manuela di centa.jpg

Fødd

31. januar 1963

Paluzza


Parti

Forza Italia


Manuela Di Centa (fødd 31. januar 1963) er ein italiensk politikar og tidlegare langrennsløpar, fødd i Paluzza i Friuli-Venezia Giulia. Ho vart olympisk meister på 15 km og 30 km under vinter-OL 1994 på Lillehammer, og tok elles seks sølvmedaljar og like mange bronsemedaljar i ulike verdsmeisterskap og olympiske leikar i tida 1991-98. Åra 2006-13 var ho representant for Forza Italia og Fridomsfolket i det italienske parlamentet. Giorgio Di Centa er ein yngre bror.




Innhaldsliste






  • 1 Langrenn


    • 1.1 Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap




  • 2 Politikk


  • 3 Kjelder





Langrenn |


Di Centa deltok i sine fyrste olympiske leikar i Calgary i 1988, med ein sjetteplass på den avslutande 20-kilometeren som klart beste resultat. Under VM på italiensk heimegrunn i Val di Fiemme i 1991 tok ho tre medaljar, to individuelle bronsar og ein sølvmedalje med stafettlaget. Året etter var det bronsemedalje med det italienske stafettlaget under OL 1992 i Albertville. I 1993 fekk Di Centa med seg to sølvmedaljar frå ski-VM i Falun, fyrst i stafetten og til sist på 30 km.


Høgdepunktet i hennar år som langrennar kom under OL på Lillehammer i 1994, der ho vann både 15 km fristil og 30 km i klassisk i stil. I tillegg tok ho sølv i 10 km jaktstart og 5 km klassisk stil, samt ein ny OL-bronse på 4×5 km stafett med Italia. I 1995 tok ho to medaljar i ski-VM i Thunder Bay, sølvmedaljen på 30 km og bronsen på 5 km. I sitt siste OL i 1998 i Nagano, var ho for tredje gong med på å ta OL-bronse i stafetten.


Manuela Di Centa vann verdscupen i langrenn i 1994 og 1996. I perioden 1990-96 vann ho 14 verdscuprenn i langrenn, attåt triumfane under OL på Lillehammer. Ho vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1996.


I 2003 var ho den fyrste italienske kvinna som kleiv til topps på Mount Everest.



Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap |




  • Ski-VM 1987 i Oberstdorf: Nr 5 på 4x5 km stafett


  • Vinter-OL 1988 i Calgary: Nr 6 på 20 km


  • Ski-VM 1989 i Lahti: Nr 5 på 30 km


  • Ski-VM 1991 i Val di Fiemme: Bronsemedaljar på 5 km og 30 km, sølv på 4×5 km stafett


  • Vinter-OL 1992 i Albertville: Bronsemedalje på 4×5 km stafett


  • Ski-VM 1993 i Falun: Sølvmedalje på 30 km fristil, sølv på 4×5 km stafett


  • Vinter-OL 1994 på Lillehammer: Gullmedalje på 15 km og 30 km, sølvmedalje på 5 km og 10 km, bronse på 4×5 km stafett


  • Ski-VM 1995 i Thunder Bay: Sølvmedalje på 30 km fristil, bronsemedalje på 5 km klassisk stil


  • Ski-VM 1997 i Trondheim: Nr 11 på 15 km


  • Vinter-OL 1998 i Nagano: Bronsemedalje på 4×5 km stafett



Politikk |


Frå 2000 var Di Centa medlem av Italias olympiske komite, og i den eigenskap ei leiarrolle under vinter-OL 2006 i Torino.


I 2004 var ho ein av Forza Italia sine kandidatar til EU-parlamentet, eit val der ho ikkje nådde opp. To år seinare vart ho i staden vald inn i det italienske parlamentet for same partiet i valkrinsen Trentino-Alto Adige. I 2008 vart ho attvald, då på ei liste for koalisjonen Fridomsfolket, der Forza Italia var det leiande partiet. Ved parlamentsvalet 2013 mislukkast ho å verte attvald for ein tredje periode.



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar


  • Denne artikkelen bygger på «Manuela di Centa» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2014.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva