Johan
Johan eller Johann er mannsnamn danna som ei kortare form av Johannes. Det har namnedag den 29. august.
Johannes er ei latinsk form av det greske Ioannes (Ιωαννης) som kjem frå hebraisk Yochanan og betyr 'Gud er nådig'. John, Jan, Jens, Hans og Hannes er nokre av fleire andre variantar av namnet.
Bruk |
Johan er eit vanleg namn i Sverige, Finland, Belgia og Noreg. På Island finst forma Jóhann, og på Færøyane både Jóhan og Johan. I Tyskland er Johann utbreidd.
Namnet var særs ubtreidd ved slutten av 1800-talet. Rundt 1880 fekk over 4,5 % av nyfødde gutar namnet Johan. Fram til 1950-talet var bruken minkande, og har sidan halde seg på eit lågare nivå.
I 2009 var det 9 998 norske menn som heitte Johan og 305 som heitte Johann.
Namneberarar |
Johann Gutenberg (1398-1468), oppfinnaren av trykkjekunsten
Johann Pachelbel (1653-1706), tysk komponist
Johann Sebastian Bach (1685-1750), tysk komponist
Johann Gottlieb Naumann (1741-1801), tysk komponist
Johan Herman Wessel (1742-1785), norsk forfattar
Johan Nordahl Brun (1745-1816), norsk prest og diktar
Johann Wolfgang von Goethe (1749-1842), tysk forfattar
Johan Christian Clausen Dahl (1788-1857), norsk kunstmålar
Johann Strauss d.e. (1804-1859), austerriksk komponist
Johann Strauss d.y. (1825-1899), austerriksk komponist
Johan Sebastian Welhaven, (1807-1873), norsk forfattar
Johan Sverdrup (1816-1892), norsk politikar
Johan Svendsen (1840-1911), norsk komponist og dirigent
Johan Halvorsen (1864-1935), norsk komponist og dirigent
Johan Sigmundstad (1874-1909), norsk forfattar
Johan Nygaardsvold (1879-1952), norsk politikar og statsminister
Johan Falkberget (1879-1967), norsk forfattar
Johan Grøttumsbråten (1899-1983), norsk langrennsløpar
Johan Støa (1900-1991), norsk idrettsmann
Johan Borgen (1902-1979), norsk forfattar
Johan Haanes (1912-2000), norsk idrettsmann
Johan Galtung (f. 1930), norsk professor
Johan J. Jakobsen (f. 1937), norsk politikar (Sp)
Johann Olav Koss (f. 1968), norsk skeiseløpar
Johan Golden (f. 1974), norsk komikar
Johan Thorbjørnsen (f. 1983), norsk fotballmålvakt
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Johan» frå Wikipedia på bokmål, den 28. august 2009.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Johan hjå Statistisk Sentralbyrå