Sweet Little Sixteen
Sweet Little Sixteen Singel av Chuck Berry | ||
B-side | «Reelin' and Rockin'» | |
---|---|---|
Utgjeve | Januar 1958 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Selskap | Chess 1683 | |
Låtskrivar(ar) | Chuck Berry | |
Produsent | Leonard og Phil Chess | |
Chuck Berry-kronologi | ||
«Rock and Roll Music» (1957) | Sweet Little Sixteen | «Johnny B. Goode» (1958) |
«Sweet Little Sixteen» er ein rock and roll-song skriven og spelt inn av Chuck Berry, som gav han ut på singel i januar 1958. Han nådde 2. plass på den amerikanske Billboardlista, den høgaste plasseringa Berry nådde bortsett frå «My Ding-A-Ling» som gjekk heilt til topps i 1972. «Sweet Little Sixteen» gjekk òg til topps på R&B Best Sellers-lista.[1]
Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 272. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene i 2003. På den oppdaterte lista i 2010 låg han på 277. plass.
Teamet i songen er rock and roll og ei særskild jente, som akkurat har fylt seksten år og er svært oppteken av rock and roll-artistar. Songen omtalar bursdagen hennar og korleis ho ber foreldra sine om å late ho få gå på ein konsert. Teksten skildrar at ho går med «tight dresses and lipstick; she's sporting high heel shoes», og vidare «tomorrow morning she'll be sweet sixteen og back in class again».
Innhaldsliste
1 Medverkande
2 Coverversjonar
2.1 «Sweet Little Sixteen» i bluegrass
2.2 Surfin' USA
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Medverkande |
Innspelt 29. og 30. desember 1957
- Chuck Berry, vokal og gitar
Lafayette Leake, piano
Willie Dixon, bass
Fred Below, trommer
Coverversjonar |
Fleire kjende artistar har spelt songen som Jerry Lee Lewis i duett med Ringo Starr, The Animals og Ten Years After. The Beatles spelte songen på BBC radio, og John Lennon spelte seinare songen på albumet sitt Rock 'n' Roll. Han er og spelt inn av den finske gruppa The Hurriganes.
«Sweet Little Sixteen» i bluegrass |
- I 1965 spelte bluegrassgruppa Jim & Jesse & the Virginia Boys inn Bluegrass and More Album 3, med «Sweet Little Sixteen» og sju andre Chuck Beery-komposisjonar.[2] Dei endra fjerde line i refrenget frå «All the cats wanna dance with sweet Little Sixteen» til «All the boys wanna dance with sweet Little Sixteen».[3]
Parodien «Bluegrass Jam» er skriven av signaturen Too Rich Olson. I parodien finst korkje ein søt, liten 16-åring, «cats» eller «boys» som vil danse. I staden vil dei spele mandolin, fele og andre instrument som høyrer heime i bluegrass.[4]
Surfin' USA |
The Beach Boys sin song «Surfin' USA» har praktisk talt same melodi med ny tekst som omhandlar surfing. Som hos Jim & Jesse skil han seg og frå Berry sin original ved koringa (harmoniaene). Denne songen har i seinare tid vorte kreditert til Berry/Wilson.[5]
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Sweet Little Sixteen» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2008.
↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942–2004. Record Research. s. 55.
↑ «Bluegrass and More, Volume 3 by Jim & Jesse», Genius (på engelsk), henta 2018-11-06
↑ Jim & Jesse – Sweet Little Sixteen (på engelsk), henta 2018-11-06
↑ «Bluegrass Jam, Parody Song Lyrics of Chuck Berry, Sweet Little Sixteen». amIright (på engelsk).
↑ Pegg, Bruce (2002). Brown Eyed Handsome Man. S. 162–163.
Bakgrunnsstoff |
Heile songteksten på MetroLyrics
278: «Something» The Beatles | Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene 277 «Sweet Little Sixteen» | 276: «Sloop John B» The Beach Boys |
Chuck Berry | |
---|---|
Studioalbum | After School Session (1957) · One Dozen Berrys (1958) · Chuck Berry Is on Top (1959) · Rockin' at the Hops (1960) · New Juke Box Hits (1961) · Two Great Guitars (med Bo Diddley) (1964) · St. Louis to Liverpool (1964) · Chuck Berry in London (1965) · Fresh Berry's (1965) · Chuck Berry's Golden Hits (1967) · Chuck Berry in Memphis (1967) · From St. Louie to Frisco (1968) · Concerto in «B Goode» (1969) · Back Home (1970) · San Francisco Dues (1971) · The London Chuck Berry Sessions (1972) (Side 1) · Bio (1973) · Chuck Berry (1975) · Rock It (1979) · Chuck (2017) |
Konsertalbum | Chuck Berry on Stage (1963) · Live at the Fillmore Auditorium (1967) · The London Chuck Berry Sessions (1972) (Side 2) · Chuck Berry Live in Concert (1978) · Hail! Hail! Rock 'n' Roll (1987) · Live! (2000) · Live on Stage (2000) · Chuck Berry – In Concert (2002) |
Samlealbum | Rock, Rock, Rock (1956) · Chuck Berry Twist (1962) · Chuck Berry's Golden Decade (1967, 1973, 1974) · The Great Twenty-Eight (1982) · The Chess Box (1988) · The Anthology (2000) · Volume 2 (1995) |
Hitsinglar | «Maybellene» / «Wee Wee Hours» (1955) · «Roll Over Beethoven» / «Drifting Heart» (1956) · «Too Much Monkey Business» / «Brown Eyed Handsome Man» (1956) · «School Days» / «Deep Feeling» (1957) · «Rock and Roll Music» / «Blue Feeling» · «Sweet Little Sixteen» / «Reelin' and Rockin'» (1958) · «Johnny B. Goode» / «Around and Around» (1958) · «Almost Grown» / «Little Queenie» (1959) · «Back in the U.S.A.» / «Memphis, Tennessee» (1959) · «Nadine» (1964) · «No Particular Place to Go» (1964) · «My Ding-a-Ling» (1972) |
Andre artiklar | Diskografi · Chuck Berry House · Hail! Hail! Rock 'n' Roll |
Kategori |