Trude Dybendahl
















Trude Dybendahl

Fødd
8. januar 1966
Oslo
Yrke
langrennsløpar

Trude Dybendahl (fødd 8. januar 1966) er ein norsk tidlegare langrennar frå Oslo. Ho vart verdsmeister på 5 km under ski-VM 1991 i Val di Fiemme. I tida 1988-97 vann ho tre OL-medaljar og seks VM-medaljar, seks av medaljane fekk ho med norske lag i 4x5 km stafett. Ho har sju individuelle verdscupsigrar. Dybendahl representerte Kjelsås IL.



Aktiv |


Dybendahl byrja hevde seg i verdseliten frå slutten av 1986-sesongen. Litt overraskande fekk ho gå startetappen for Noreg under vinter-OL 1988 i Calgary, og tok då si fyrste av tre strake sølvmedaljar i øvinga, ettersom ho gjekk på både 1992-laget og 1994-laget, kvartettar som kvar gong tok sølv.


Dybendahl fekk si fyrste pallplassering i verdscupen då ho på nyåret 1989 vart nummer tre på ein 5 kilometer i sovjetiske Kavgolovo. Vel eit år seinare var ho tilbake i Sovjetunionen og gjekk heilt til topps framfor veteranen Raisa Smetanina og unge Larisa Lazutina, begge frå Sovjet. Seinare i 1990-sesongen vann ho to nye verdscuprenn, eitt i Örnsköldsvik og det andre på Vang i Hedmark.


1991-sesongen vart den største for Dybendahl, trass i at ho ikkje vann meir enn eitt internasjonalt renn. Ho var i sitt livs form under ski-VM i Val di Fiemme, og tok sølvmedaljen på opningsdistansen 15 km. Fire dagar etter, den 12. februar, vann ho 5 km. På stafetten gjekk ho Noreg inn til bronsemedalje.


To år seinare tok Dynebdahl bronsemedaljen på 5 km under ski-VM 1993 i Falun, hennar tredje og siste individuelle VM-medalje. Også i stafettevlinga tok ho ein bronsemedalje, der ho var tilbake som startløpar for Noregs lag. Dybendahl tok si sjette stafettmedalje då ho i Trondheim i 1997 som ankerkvinne gjekk Noreg inn til sølv på 4x5 km stafett, 16 sekundar bakom Russland.


Dybendahl vann eit verdscuprenn på Lillehammer i mars 1993. Neste verdscupsigeren kom i desember 1996 i Oberstdorf, der fire norske løparar kom øvst på resultatlista. Ho vann sin sjuande og siste siger i verdscupen, eit sprintrenn over 1 km, i svenske Sunne i mars 1997. I alt kleiv ho pallen etter 18 (7-4-7) verdscuprenn.


Dybendahl la opp etter 1998-sesongen.



Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap |




  • Vinter-OL 1988 i Calgary: Sølvmedalje i 4x5 km stafett


  • Ski-VM 1989 i Lahti: Nr 12 på 10 km klassisk og 15 km


  • Ski-VM 1991 i Val di Fiemme: Gullmedalje på 5 km, sølvmedalje på 15 km og bronsemedalje i 4x5 km stafett


  • Vinter-OL 1992 i Albertville: Sølvmedalje i 4x5 km stafett, nr 8 på 15 km


  • Ski-VM 1993 i Falun: Bronsemedalje både på 5 km og i 4x5 km stafett


  • Vinter-OL 1994 på Lillehammer: Sølvmedalje i 4x5 km stafett, nr 4 på 30 km


  • Ski-VM 1995 i Thunder Bay: Nr 9 på 15 km


  • Ski-VM 1997 i Trondheim: Sølvmedalje i 4x 5 km stafett, nr 7 på 30 km


  • Vinter-OL 1998 i Nagano: Nr 6 på 15 km


Dybendahl bur i Oslo og er eigar og dagleg leiar av firmaet Trude Dybendahl Ski AS, som held kurs i skiteknikk for vaksne. Ho har skrive boka Større skiglede med bedre teknikk.



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva