Posts

Showing posts from March 29, 2019

Geometry problem - areas of triangles (contest math)

Image
1 1 $begingroup$ This problem is from 2019 Math Kangaroo competition for 9th-10th graders that took place last week, problem #29. I was able to solve it using coordinate geometry, both triangles have the same area. However, I do not expect 9th graders to know this method. Is there a simpler solution that I am not seeing? contest-math euclidean-geometry share | cite | improve this question edited 4 hours ago Vasya asked 4 hours ago Vasya Vasya 4,135 1 6 18

Teorbe

Image
Teorbe Teorbe (òg theorbe , italiensk tiorba , fransk théorbe , engelsk theorbo ) er eit strengeinstrument av klimpretypen. Namnet teorbe nyttast om fleire ulike bassluttar som har det til felles at dei er utstyrt med ein ekstra kasse for bass-strengane: liuto attiorbato, arciliuto, chitarrone, fransk théorbe des pieces, engelsk theorbo, erkelutt og barokklutt. Etymologien til namna er enno ikkje avklart. Den nye musikken frå rundt 1600 (monodi, Giulio Caccini) kravde instrument med eit djupt bassregister til akkompagnering. Djupe tarmstrengar kan ein anten gjere lengre eller tjukkare, men særs tjukke tarmstrengar har dårleg klang så ein forlenga halsen til instrumenta og sette på ein ekstra kasse for strengar og stemmeskruar. Eit anna kjenneteikn ved dei ulike teorbetypane er storleiken og det lange gripebrettet som kan variere mellom 76 og 98 cm. Ein kunne ikkje lage så lange tarmstrengar som samtidig skulle gje ein høg tone så ein stemte det første og delvis òg det an

Monodi

Monodi (frå gresk monodos «ein som syng aleine») er eit musikkhistorisk omgrep som i dag vanlegvis tyder ei enkel songstemme enkelt akkompagnert av ein generalbass. Opphavleg var monodi eit dikt der ein klaga over eit dødsfall, eller ein einstemmig song utan harmonisk tonefølgje. Døme på slik song er musikk i antikken, gregoriansk song og folkeviser. Rundt år 1600 fekk omgrepet monodi den tydinga som er den vanlegaste i dag, men sjølve omgrepet er nytt og ingen av 1600-talskomponistane kalla stykka sine monodiske. Komposisjonar i monodisk form kunne verte kalla madrigalar, motettar eller concerto (i den tidlege tydinga, dvs «med instrument»). Monodien utvikla seg frå eit forsøk kunstnar- og filosofikretsen Florentiner Camerata gjorde i 1580-åra på å restaurere gamle greske idear om melodi og deklamasjon. Forsøket vart ei spire til ei ny utvikling av dramatisk musikk. Ved sidan av dei formelle aspekta bestod den største fornyinga i at songen overvegande skulle uttrykke kjensl

Punkt i matematikk

Eit punkt er eit grunnleggande matematisk omgrep. Evklid definerte eit punkt som «det som ikkje kan delast», og i geometrien vert punktet vanlegvis oppfatta som ein minste del, slik at geometriske objekt som linjer og flater er samansett av punkt. Eit punkt definert på den geometriske måten har ikkje noko utstrekning i noko retning, og ein kan dermed sei at det er eit geometrisk objekt med dimensjon 0. Ein kan òg definere punkt ved hjelp av talomgrepet, sidan punkta på ei rett linje svarar til dei reelle tala, medan punkta i planet er eit punktpar (x, y), som i den analytiske geometrien. Kjelder | «punkt – matematisk» av Karl Egil Aubert i Store norske leksikon , snl.no. This page is only for reference, If you need detailed information, please check here