Land's End (kornisk Penn an Wlas) er eit nes på Penwithhalvøya nær Penzance i Cornwall i England. Det et det vestlegaste punktet på det engelske fastlandet. Det vestlegaste punktet på heile øya Storbritannia er Corrachadh Mòr i Ardnamurchan i Skottland som ligg 35 lenger vest. Det sørlegaste punktet i Storbritannia er heller ikkje Land's End, men Lizard Point, som ligg nokre kilometer lenger søraust.
Frå Land's End kan ein sjå Longships fyr. Longships, eit par kilometer ute i havet, er ei serpentin- og kvartsøy. Midt mellom Land's End og Isles of Scilly ligg det segnomsuste tapte landet Lyonesse, som vert omtalt i litteratur om Kong Arthur.
Land's End er eit kjend landemerke i Storbritannia og vert i lag med John o' Goats i Skottland (det mest nordaustlege punktet på det britiske fastlandet) ofte omtalt i kappløp, turar og veldedige hendingar. Uttrykket Land's End to John o' Groats (Frå Land's End til John o' Goats) vert nytta både som ei bokstavleg reise og som ein metafor for lange reiser, på liknande måte som «frå Lindesnes til Nordkapp» i Noreg.
I 1987 kjøpte Peter de Savary Land’s End.[1]. Han reiste to nye bygningar og det meste av den noverande temaparken. Han selde både Land's End og John o' Groats til føretaksmannen Graham Ferguson Lacey i 1991.[2] Sidan 1996 er Land’s End eigd av Heritage Attractions Limited.
Innhaldsliste
1Galleri
2Sjå òg
3Bakgrunnsstoff
4Kjelder
Galleri |
Land's End, det vestlegaste punktet i Cornwall
Turistsenteret på Land's End
Turistsenteret på Land's End
Fyret utanfor Land's End
Sørover frå Land's End
Vestover frå Land's End
Nordover frå Land's End
Sjå òg |
Eit kart over neset frå 1946
John o' Groats
Bakgrunnsstoff |
"Walking the length of Britain" Lands'End to John O'Groats - e-bok om denne reisa
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Land's End» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2010.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑Lands End Landmark, Landsend. | South West Cornwall Holidays | The history of Land's End
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...