Salangen kommune
- For fjorden som kommunen er kalla opp etter, sjå Salangsfjorden
Koordinatar:
Salangen kommune | ||
kommune | ||
| ||
Land | Noreg | |
---|---|---|
Fylke | Troms | |
Adm.senter | Sjøvegan | |
Areal | 458 km² | |
- land | 440 km² | |
- vatn | 18 km² | |
Folketal | 2 226 (1. januar 2018) | |
Folketettleik | 5 / km² | |
Målform | nøytral | |
Ordførar | Sigrun W. Prestbakmo (Sp) | |
Kommunenr. | 1923 | |
Wikimedia Commons: Salangen | ||
Nettstad: www.salangen.kommune.no | ||
Salangen kommune (nordsamisk: Siellága suohkan) er ein kommune i Troms. Kommunen grensar i nord mot Dyrøy og Sørreisa kommunar, i aust mot Bardu, i sør mot Lavangen, og over Sagfjorden i vest mot Ibestad. Kommunen ligg i indre Sør-Troms.
Kommunesenteret er Sjøvegan som ligg inst i Sagfjorden.
Innhaldsliste
1 Kommunevåpenet
2 Kyrkjer og kapell
3 Samferdsle i Salangen
3.1 Avstandar
3.2 Snøggbåt
3.3 Buss
4 Kultur
4.1 Idrett
5 Historie
5.1 Folketalsutvikling
6 Kjelder
6.1 Fotnotar
7 Bakgrunnsstoff
Kommunevåpenet |
Kommunevåpenet viser ein sølvgrå sel på blå botn. Bakgrunnen for kommunevåpnet er namnet til kommunen som på norrønt er Selanger, med tydinga 'Selfjorden'.
Kyrkjer og kapell |
Salangen kyrkje ligg i kommunesentret Sjøvegan og vart teken i bruk i 1981. Kyrkja er bygd av betong og tre. Elvenes kapell ligg på Elvenes 11-12 km austom kommunesentret Sjøvegan.
Samferdsle i Salangen |
Avstandar |
- Sjøvegan–Tromsø: 187,1 km
- Sjøvegan–Harstad: 141,9 km (via Bjerkvik)
- Sjøvegan–Harstad: 77,9 km (via Sørrollnes inkludert ferjetur)
- Sjøvegan–Narvik: 91,1 km
- Sjøvegan–Finnsnes: 70,8 km
Snøggbåt |
Det er snøggbåtsamband med Brøstadbotn, Engenes og Harstad.
Buss |
Det er bussamband med Tromsø, Finnsnes, Harstad og Narvik.
Kultur |
Idrett |
Salangen har tre idrettslag, Salangen idrettsforening, Øvre Salangen idrettslag og Seljeskog idrettslag.
Historie |
Salangen kommune vart oppretta i 1871, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. 1. januar 1964 vart nabokommunen Lavangen kommune innlemma i Salangen kommune, men vart skild ut att i 1977. Området Lavangsnes vart då verande att i Salangen kommune.
Folketalsutvikling |
Folketalsutvikling for Salangen kommune frå 1875:
1875[1] | 1900[1] | 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1562a | 2280a | 2717a | 2616a | 2885a | 2813a | 2655a | 2507 | 2549 | 2358 | 2211 |
aTalet omfattar ikkje Lavangsnes, som var del av Lavangen kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Salangen» frå Wikipedia på bokmål, den 17. april 2008.
Fotnotar |
↑ 1,01,1 "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
↑ 3,03,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
↑ 4,04,14,24,34,44,5 Folkemengd i Salangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff |
- Salangen kommune sine heimesider
Kommunar i Troms | ||
---|---|---|
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|