Wikipedia:Spire








Eg er berre ei spire
med tankar få
eg veks nok til
om du fyller på



Litteraturspira



Artiklar som bør bli meir utfyllande blir på Wikipedia kalla spirer, eller, om dei er særs korte, frø. Slike artiklar blir samla i kategoriar slik at ein lett kan finna dei og hjelpa dei til å veksa – sjå Kategori:Spirer.


Ein merker artiklar som spirer ved å leggja til malen {{spire}} i artikkelen. Her kan ein også oppgje tema for artikkelen og om det er viktig eller ikkje å utvida han.




Innhaldsliste






  • 1 Kva merker ein som spire?


  • 2 Spirenivå


  • 3 Emne


  • 4 Spireoversyn





Kva merker ein som spire?


Einkvar leksikonartikkel som manglar viktige delar kan merkast som spire. Det vil seia at mange korte artiklar, men også lange som treng tillegg, bør merkast. Er det snakk om eit sentralt emne kan artikkelen stå merka som spire i lang tid.



Spirenivå


Svært korte eller mangelfulle artiklar kan merkast som «frø». Artiklar om sentral emne kan merkast som «viktig», medan mindre viktige emne, eller artiklar som ikkje treng så mykje meir arbeid, kan merkast som «uviktig». Dette gjer ein slik:


{{spire|type=frø}}


{{spire|type=viktig}}


{{spire|type=uviktig}}



Emne


Det kan vera nyttig å samla spirer om liknande emne i kategoriar. Det gjer ein ved å oppgje opptil tre emne i spiremerket. Vanlege emne er fagfelt, som fysikk eller samfunn, geografiske område, som Finland eller Rogaland, i tillegg til nokre underfelt, som drikke og teikneseriar.


Ein oppgjev emne slik:



{{spire|teikneserie|Noreg|historie}}


Rekkefølgen speler lita rolle, men la gjerne den mest generelle eller emnet som har tettast samband med spireartikkelen stå først.



Spireoversyn




  • Kategori:Spirer – spirer sortert etter emne og dato

  • Kategori:Alle spirer


  • Kategori:Spirefrø – frø som ikkje har utvikla seg til levedyktige spirer




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva