Kokospalme























Kokospalme

In Isla Mujeres (4256791895).jpg



Vitskapleg namn

Cocos nucifera

Linné, 1753




Utbreiing



Habitat: terrestrisk




Utbreiing: tropisk og subtropisk klima over hele verda


Systematikk

Rike: Plantar

Rekkje: Dekkfrøplantar

Einfrøblada plantar

Orden: Arecales

Familie: Arecaceae

Arecoideae

Cocoeae







Kokospalme (Cocos nucifera) er ein palmeart kjend for å produsera kokosnøtter. Kokospalmen stammar frå Malaysia og Polynesia, men har spreidd seg til heile det tropiske området, delvis naturleg og delvis med menneskehjelp.


Palmen kan bli opptil 25 m høg og har ein rik dusk av 2–3 meter lange fjøra blad på toppen av den slanke, ugreina stammen.
Frå treet er 5 år ber det blomar og frukter, som sit i bladhjørnene. Blomsterstanden er ein greine kolbe der hannblomane sit i greinspissane medan eit fåtal hoblomar sit ved grunnen. Eit fullvakse tre gjev 5–10 frukter kvar månad.





Plansjeteikning frå 1800-talet av kokosnøtt og palme.


Ulike produkt frå kokosnøtt, blad og stammen er særs viktige i mange kulturar. Dei blir brukte som næringsmiddel, materiale og som indsutriråvare, i form av mellom anna kokosfeitt, kokosfiber og kokosmasse.


Kokospalmen er ein saltplante som kan vatnast med havvatn og elles krev tilførsel av klor og natrium. Ofte dyrkar ein plamen saman med andre vekstar som ananas, mais, solsikke, kaffi, kakao, banan og sitrusfrukt.



Kjelder |




  • «Kokospalme» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 18. januar 2015.



Bakgrunnsstoff |



Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva