Turt
Turt |
Vitskapleg namn |
Cicerbita alpina Wallr., 1844 |
Utbreiing |
Område: Høgland og fjell i Europa |
Systematikk |
Rike: Plantae Divisjon: Spermatophyta Klasse: Eudicotyledonae Orden: Asterales Familie: Asteraceae Slekt: Cicerbita C. alpina |
Turt er ei urt i korgplantefamilien med utbreiing i høglands- og fjellområde i Europa. Turt veks over heile Noreg og er funnen opp til 1460 m på Fillefjell.
Planta vert kring 120-130 cm høg og har ugreina stengel som er fiolett og kjertelhåra øvst. Ho har tynne kålgrøne blad og nedre blad har to-tre par finnar og brei trekanta endelapp. Korgdekkblada er mørke og kjertelhåra medan kronene er blå eller blåfiolette. Turt blømer kring juli månad i fuktig næringsrik skog, mest i fjell-lier.
Bruk |
Turt blir brukt som grønsak i italiensk matlaging, der planta er rekna som ein delikatesse. Unge skot blir kokte og serverte eller selde med olivenolje og tomatsaus.[1] Eit marknadsnamn på denne retten er insalata dell'orso, 'bjørnesalat'.[2]
Kjelder |
↑ Scartezzini, F., et al. Domestication and field management trials of Cicerbita alpina (L.) Wallr. In: First International Conference on Crop Wild Relative Conservation and Use. September 14-17, 2005. Agrigento, Sicily, Italy. pg. 14-17.
↑ Scartezzini, F., et al. (2012). Domestication of alpine blue-sow-thistle (Cicerbita alpina (L.) Wallr.): six year trial results. Genetic Resources and Crop Evolution 59(3) 465-71.
Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Cicerbita alpina, artsportalen.artsdatabanken.no- Svensk Wikipedia.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Cicerbita alpin» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2014.